Populære sporter
All sport
Vis alt

Norsk marerittdag på standplass: – Er ikkje betre

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 13/02/2024 klokken 19:18 GMT+1

Tysdag stod 15 kilometer på VM-programmet for dei norske kvinnene.

Ingrid Landmark Tandrevold.

Foto: NTB

Ingrid Landmark Tandrevold opna VM-distansen på best mogleg vis med fullt hus, men så starta marerittet for dei norske kvinnene.
Totalt vart det 20 bom på normaldistansen for dei norske kvinnene, og ingen av dei klarte å hevde seg i medaljekampen.
– Akkurat no er eg ikkje betre enn dette. I dag fekk eg ikkje opp den farta eg har hatt dei andre dagane. Realiteten er at sjølv med 20 treff hadde eg ikkje vore oppi der, sa Tandrevold til TV 2 etter målgong.

Fekk trøbbel

På første ståande skyting fekk dei norske kvinnene trøbbel. Tandrevold brukte lang tid, og det blei til slutt heile tre bom. Like etterpå kom Marit Ishol Skogan inn og gjekk på fire bom.
Heller ikkje Ida Lien, som skaut fullt hus på første skyting og gjekk ut i teten, fekk det til å stemme på andre skyting. Ho gjekk også på tre bom, medan Juni Arnekleiv vart best av dei norske med ein bom.
For Lien blei vondt verre på siste skyting, der ho gjekk på fire bom.
Til slutt vart Tandrevold den beste av dei norske kvinnene med ein 28. plass etter tre bom. Ho gjekk i mål nesten fire og eit halvt minutt bak vinnaren Lisa Vittozzi.
Arnekleiv vart nummer 29, medan VM-debutant Skogan og Lien vart nummer 68 og 77.

Dominansen over

Dei franske kvinnene hadde tatt fem av seks moglege medaljar i VM før tysdagens distanse, men på 15 kilometeren tok dominansen slutt.
Både italienske Vittozzi og tyske Janina Hettich-Walz skaut feilfritt, og til slutt vart det italiensk gull og tysk sølv.
Dermed fekk ikkje Simon forlenga den enorme gull-rekka med tre gull på rad. Ho tok bronsje.
Sett denne?
picture

Sjåstad Christiansen viste kjempeform: – Det var en «walk in the park»

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame