Mol og Sørum til topps i OL-generalprøva
Oppdatert 14/07/2024 klokken 19:23 GMT+2
Anders Mol og Christian Sørum vann i Austerrike søndag ettermiddag.
Meiner favorittstempelet er fjerna: – Skal utnytte det
Video credit: Eurosport
- Følg Mol/Sørum i opningskampen i OL 28. juli på Max!
Berre timar etter at Anders Mol og Christian Sørum hadde avansert til semifinale, venta finalen mot den polske duoen Michal Bryl og Bartosz Losiak.
Der vann Mol og Sørum i strake sett.
– Det er så mange tøffe lag å slå for å vinne ei turnering som dette. Det er ein skikkeleg god følelse å vinne, sa Sørum i sigersintervjuet.
Mol og Sørum vann det første settet 25-23. I andre hadde dei ei større luke, og sikra til slutt sigeren med å vinne 21-12 i andre sett.
– Vi drar definitivt nytte av denne sigeren. Det var akkurat det vi trengte, å finne litt sjølvtillit i spelet vår, sa Mol etter kampen.
Det er deira første siger denne sesongen. På grunn av eit brot i foten til Mol har dei ikkje spelt mange turneringar, og turneringa i Wien var berre deira andre sidan brotet.
– No føler eg meg som meg sjølv igjen, sa Mol etter at duoen hadde avansert til semifinale.
Verdstourturneringa i Austerrike er den siste testen før Paris-leikane om to veker. Der er Mol og Sørum tittelforsvarar. Dei skal spele opningskamp 28. juli mot dei chilenske søskenbarna Esteban og Marco Grimalt.
– Det er litt av grunnen til at vi er her: Å finne rytme til OL, sa Mol etter semifinalen.
Fått med deg denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2021/08/07/3196821-65491688-2560-1440.jpg)
Drømmen som gikk i oppfyllelse: – Vil øke interessen i Norge
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame