Populære sporter
All sport
Vis alt

Klar for eit VM med ekstra mykje på spel: – Kan skje uventa ting

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 03/09/2023 klokken 07:31 GMT+2

Birgit Skarstein drar til VM med mål om å forsvare VM-gullet, og sikre seg ein plass i OL i 2024.

Birgit Skarstein slo sin egen bestenotering under world cup 2 på søndag

Foto: NTB

– Berre fordi det har gått bra før, betyr det ikkje at det går bra vidare, seier Birgit Skarstein i Discovery-podkasten «Indre Bane».
For ni år sidan tok Birgit Skarstein sitt første VM-gull. Sidan den gong har det blitt ytterlegare fire gull, det seinaste i fjor.
No er ho klar for å forsvare VM-gullet i Beograd frå og med søndag.

Har ikkje møtt alle konkurrentane

Skarstein er ein veteran i romiljøet, og har hausta mykje erfaring opp gjennom. Det trur ho er ein fordel inn i meisterskapet.
– Ein har etablerte rutinar og tryggleik i det, samtidig som eg har vore borte i mykje forskjellig. Eg føler sjølv at eg har ein mykje større ro, men det kan skje uventa ting.
Noko av det uventa som ventar Skarstein i dette VM-et, er at det er fleire roarar ho aldri har møtt i eit VM før.
– Det er nokre nasjonar som ikkje alltid stiller til alt anna, som plutseleg stiller opp i VM. Dei er skikkeleg jokerar, fordi vi veit ikkje kva dei kan by på første løp. Det er fem personar eg aldri har møtt før i mitt felt.
Innan roing er det fleire store nasjonar som har midlar og ressursar til å la utøvarane trene fleire år heime, i store miljø, før dei treng å sende dei ut i konkurransar. Den moglegheita har ikkje det norske laget.
– Vi er ein lilleputt nasjon i den globale roverda. Men vi har fått ganske mykje merksemd, fordi vi har gjort det veldig bra i forhold til kor små vi er, kor få vi er, og kor utruleg lite midlar vi har. Vi har vore veldig effektive, seier Skarstein om landslaget.

OL-kvalifisering

Det er ikkje berre medalje som står på spel i verdsmeisterskapet. Dei landa som gjer det best i konkurransen, vil også kvalifisere båtar til OL.
– Eg skal jakte ein OL-plass. Det er det aller viktigaste. Det er ei spesiell stemning når det er kvalifisering til OL, fordi det betyr så mykje for alle, seier Skarstein.
Skarstein mimrar tilbake til første gong ho deltok i OL.
– Då eg tok fjerdeplass i OL i Rio, var det ein utruleg kjip kjensle. Ein sett så mykje til sides for idretten, og så greidde eg akkurat ikkje å ta medalje.
Det skrudde på eitt eller anna i hovudet til roaren.
– Eg blei heilt besett. Eg gjekk inn 120 prosent og skulle vinne i Tokyo, koste kva det koste vil. I fem år var den gullmedaljen i Tokyo alt eg tenkte på, seier ho og held fram:
– Då eg klarte å få medalje tenkte eg: «Det hadde vore veldig gøy å klare det ein gong til».

Eitt spesielt håp

Utanom medalje og OL-plassering, har Skarstein eitt spesielt håp for verdsmeisterskapet, nemleg å kvalifisere ein kvinneleg båt til OL for første gong sidan 1996.
Thea Helseth og Jenny Rørvik er Noregs håp til å gjere det.
– Dei har absolutt moglegheita. Dei må bli topp elleve, så anten kome i A-finalen, eller berre ikkje tape B-finalen, fortel Skarstein.
VM i roing blir arrangert frå 3. september til 10. september. Fleire norske utøvarar skal i aksjon gjennom meisterskapet.
Sett denne?
picture

Plutselig ligger de i vannet: – Hjertet mitt blødde

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame