Omgivnadene under OL begeistrar: – Heilt vilt

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 17/04/2024 klokken 09:34 GMT+2

Anders Mol og Christian Sørum får litt av ei utsikt når dei skal forsøke å forsvare OL-gullet.

Christian Sørum og Anders Mol under OL i Tokyo.

Foto: Getty Images

  • OL i Paris ser du på TVNorge og Max!
Under OL i Paris skal sandvolleyballspelarane konkurrere midt i smørauget. Bana er nemleg plassert rett ved Eiffeltårnet.
– Bana er sjukt spektakulær. Det kjem til å bli den kulaste arenaen eg kjem til å spele på i karrieren min. Ingenting slår det å spele framfor Eiffeltårnet, seier Mol til Discovery.
At det er nettopp er dei som får spele under det kjente landemerket, synest Mol er kjekt.
– Det er skikkeleg kult at det er sandvolleyballen som får «toppen av kransekake»-plasseringa.
picture

Sandvolleyball-kampene fra Paris-OL arrangeres i skyggen av selveste Eiffeltårnet.

Foto: Getty Images

Får spele framfor publikum

For Mol og Sørum blir det eit annleis OL enn dei har opplevd før. Dei har nemleg aldri spelt OL framfor publikum før. Deira første OL, i Tokyo, var under koronapandemien, og det var dermed ikkje lov med tilskodarar. Dermed gleder dei seg ekstra mykje til Paris.
– Det blir heilt enormt. Vi elskar å spele framfor mykje folk og underhalde eit stort stadium.
Dei trur publikummet kan hjelpe duoen fram til eit nytt gull.
– Vi får eit ekstra giv frå publikum, og vil prestere endå betre. Det blir skikkeleg kult.

Utfordringar

I slutten av mars fekk Mol eit brot i foten under ein treningskamp. Han går dermed på krykker, og må gjere det i omtrent tre veker til.
OL-oppkøyringa blir difor ikkje optimal, men han håper likevel at han kan vere i form til OL.
– Eg tar dette som ei utfordring, og vil kome tilbake sterkare enn før skaden. Eg har trua på at vi kan gjere det veldig bra, sa Mol dagen etter operasjon.
Etter at han kastar krykkene, skal han sjå korleis foten følast.
– Eg må prøve å gå med vanleg trykk på foten, så hoppe og springe litt. Eg veit ikkje kor lang tid det tar før eg er klar for å spele volleyball igjen, seier han og held fram:
– Vi har forhåpentlegvis to gode månadar før OL kjem.
Sett denne?
picture

OL-fakkelen lansert: Slik blir designet


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame