Noreg med historisk OL-plass: – Jobba lenge for det

Eurosport på Google

For første gong skal Noreg stille eit stafettlag i triatlon i OL. Det er til stor glede for triatlonutøvar Vetle Thorn.

Dette laget sikra OL-plass. F.v.: Solveig Løvseth, Casper Stornes, Lotte Miller og Vetle Bergsvik Thorn.

Foto: Getty Images

  • Følg OL i Paris på Eurosport.no, TVNorge og den nye strøymetjenesta Max! 
På sjølvaste nasjonaldagen klarte Noreg å kvalifisere eit stafettlag til leikane i Paris i sommar. Det gjorde dei då dei vann OL-kvalifiseringsstafetten i Mexico.
– Vi er veldig fornøgde. Det er noko vi har jobba lenge for, så det er veldig godt å innfri til forventningane, seier Vetle Thorn til Discovery.

Prøvde i Tokyo

Laget bestod av Thorn, Solveig Løvseth, Casper Stornes og Lotte Miller.
Thorn var allereie kvalifisert for OL i lag med Stornes og Løvseth, men triumfen sikra også Miller ein plass til OL.
Miksstafett stod på OL-programmet for første gong under OL i Tokyo, som vart arrangert i 2021.
– Vi prøvde å kvalifisere eitt lag til førre OL, men det gjekk ikkje, seier Thorn.
Under OL i Tokyo sikra Kristian Blummenfelt den første norske OL-medaljen i triatlon.

Imponerte

Søndag imponerte lagkamerat Løvseth nok ein gong i Mexico. Der var ho svært nære ein siger.
Ho kom til mål som ein del av ein trio i teten. På oppløpet tok danske Alberte Kjær Pedersen sigeren. Den norske jenta måtte også sjå seg slått av nederlandske Rachel Klamer med små marginar.
Løvseth svært nøgd med eigen prestasjon.
– Eg er verkeleg overraska over resultatet mitt i dag. Hovudmålet for meg og det norske laget denne helga var å kvalifisere laget til OL, noko vi klarte. Dette er ein bonus, sa Løvseth etter målgong.
Løvseth låg i fronten ved starten på sykkeldelen, noko som gav eit godt utgangspunkt.
– Eg prøvde å gå for sigeren, men eg er veldig fornøgd med tredje.
Fått med deg denne?
picture

Ga absolutt alt i gullkampen – kastet opp og rett i rullestol

Video credit: Eurosport

(©NTB/Discovery)
Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame