Norsk triatlonlag kvalifisert til OL

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 17/05/2024 klokken 20:15 GMT+2

På sjølvaste nasjonaldagen sikra det norske triatlonlaget ein billett til leikane i Paris i sommar.

Dette laget sikra OL-plass. F.v.: Solveig Løvseth, Casper Stornes, Lotte Miller og Vetle Bergsvik Thorn.

Foto: Getty Images

  • Følg OL i Paris på Eurosport.no, TVNorge og den nye strøymetenesta Max! 
Torsdag var siste moglegheit for det norske triatlonlaget å sikre ein OL-plass i blanda stafett. Det gjorde dei med glans.
– Det var vår siste sjanse, og vi leverte. Eg er veldig stolt, sa Vetle Thorn til arrangøren.
Laget, som bestod av Thorn, Lotte Miller, Casper Stornes og Solveig Løvseth, var best av ni lag som stilte til start i Huatulco i Mexico. Dei to beste laga sikra OL-billett.
Det norske laget hadde elleve sekund ned til Canada ved den siste vekslinga. Nederland var 52 sekund bak. Ved slutten auka Noreg avstanden. Dei gjekk i mål 55 sekund før Nederland, som tok den andre OL-plassen.
OL-plassen blei sikra på nasjonaldagen.
– Vi er veldig nøgde. Alle heime i Noreg feirer på 17. mai, sa Lotte Miller til arrangøren.
Miller var den einaste av dei tre norske som ikkje allereie var klar for OL.
Det same laget vart historiske i fjor sommar då dei sikra den første norske pallplassen på øvste nivå i miksstafett.
Fått med deg denne?
picture

Se Blummenfeldt komme «hem» til full jubel


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame