Populære sporter
All sport
Vis alt

Dramatisk finale for Stavås Skistad – Valnes fekk bot etter prologen

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 30/12/2023 klokken 17:19 GMT+1

Laurdag gjekk startskotet for Tour de Ski. Kristine Stavås Skistad sikra pallplass, noko ingen av dei norske herrene klarte å følge opp.

Kristine Stavås Skistad.

Foto: NTB

Kristine Stavås Skistad vart nummer tre på sprinten, medan Linn Svahn og Jonna Sundling sikra dobbelt svensk.
Konnerud-løparen fekk problem i finalen. Ho hekta borti Svahn i den siste bakken, og det vart skjebnesvangert.
– Eg surra det til på slutten, så det er berre å takke seg sjølv. Eg gjer ein bom i siste bakken, og då blir det vanskeleg å kome forbi alle dei som er framfor, sa Skistad til Viaplay.
Det var ikkje berre i finalen at det vart dramatisk for Stavås Skistad. I semifinalen klarte ikkje målfotoet å skilje kven som vart nummer to av Sundling og Stavås Skistad. Sundling vart tildelt andreplassen, ettersom ho hadde betre tid i prologen. Skistad gjekk vidare som lucky loser.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Vil hevde seg på uvanleg distanse: – Meir utfordrande for meg

Ingen norske herrer på pallen

På herresida vart det dobbelt fransk, der Lucas Chanavat gjekk heilt til topps. Erik Valnes vart beste nordmann, som nummer fire.
– Eg synest eg fekk godt betalt i dag. Eg kunne godt ha roke ut tidlegare, men det var litt surt at pallplassen rauk der på slutten. Ben Ogden skulle vere eit greitt bytte, men han var sugen på den tredjeplassen, sa Valnes til Viaplay.
Harald Østberg Amundsen fekk stavtrøbbel og hamna sist.
Amerikanske Ben Ogden sikra den siste pallplassen.
picture

Erik Valnes.

Foto: Getty Images

Dominans i semifinalen

I semifinale ein var det norsk dominans på herresida. Fire av seks løparar var nordmenn, men det var dei resterande to som klarte å ta seg direkte til finalen.
Valnes og Østberg Amundsen tok seg vidare til finalen på tid.
Sistnemnte hadde også marginane på si side i kvartfinalen. Han gjekk vidare til semifinalen på tid med berre åtte tusendelar.

Fekk bot

Dei norske herrane leverte ein svært sterk prolog, der heile sju av ti tok seg vidare til kvartfinalen. Østberg Amundsen vart beste nordmann på en 4. plass i prologen.
Også Valnes leverte ein god prestasjon og kom på plassen bak, men det var derimot full forvirring då han gjekk i mål.
Det kom nemleg ikkje opp noko tid då Valnes gjekk i mål, då skiløparen ikkje hadde tidtakarbrikka på. Det bekreftar mediekoordinator Synne Dyrhaug i Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet (FIS) til NRK.
Vidare skriv NRK at Valnes fekk ei bot på 250 sveitsiske franc, tilsvarande rundt 3000 kroner.
Sprinttrenar Arild Monsen kallar situasjonen for unødvendig.
– Ein blir ikkje diska, men det er gult kort. Det er eit jævlig unødvendig gult kort, men det er hans ansvar, seier Monsen til Nettavisen.
Didrik Tønseth sleit seg inn til mål og kom ikkje til kvartfinalen. Det gjorde heller ikkje Martin Løwstrøm Nyenget og Henrik Dønnestad.

Svak prolog

På kvinnesida var det fleire som ikkje klarte å kvalifisere seg til kvartfinalen. Verken Heidi Weng, Astrid Øyre Slind, Kristine Austgulen Fosnæs, Silje Theodorsen eller Margrethe Bergane klarte å ta seg vidare frå prologen.
– Det gjekk berre ikkje fort. Eg får prøve igjen i morgon, sa Weng til Viaplay.
Verken Johannes Høsflot Klæbo eller Simen Hegstad Krüger stod på startstreken då startskotet for Tour de Ski gjekk laurdag. Dei har begge slitt med sjukdom, og måtte stå over touren.
Sett denne?
picture

Gliser av spørsmål: – Ganske fornøgd med den

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame