Populære sporter
All sport
Vis alt

Dei norske langt unna i kaosløp – landslagssjef kasta ut av touren

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 04/01/2024 klokken 13:11 GMT+1

Langrennsløparane måtte ut i eit ordentleg snøvêr som skapte kaos for fleire av utøvarane.

Heidi Weng.

Foto: NTB

Kerttu Niskanen tok sin andre siger i årets Tour de Ski torsdag.
Amerikanarane Rosie Brennan og Jessie Diggins sikra dei to andre pallplassane. Dermed held Diggins på samanlagtleiinga.
Heidi Weng vart beste nordmann som nummer seks.

Med i kampen

Løparane gjekk ut med utgangspunkt i resultatlista på onsdagens sprint. Linn Svahn var først ut, medan Mathilde Myhrvold følgde etter fire plassar bak.
Sigerskampen stod til slutt mellom Niskanen og Brennan, som også blei rekkefølgen i mål.
Fleire meldte seg på, blant anna Margrethe Bergane, som var med i kampen om pallplassane i siste del av rennet. Ho måtte sleppe med ein knapp kilometer igjen, og vart nummer sju.

Vêrutfordringar

Det snødde i Davos heile natta, og også mykje under rennet. Det tette snøvêret skapte utfordringar for både smørjarar og løparar.
Øyre Slind hadde i motsetning til alle dei norske lagvenninnene gått for blanke ski. Det verka å lønne seg då ho var i tetsjiktet store delar av rennet, fram til 19 kilometer. Mot slutten enda ho opp med å tape mykje tid. Ho vart nummer elleve.
Diggins fekk tideleg problem med vêret. Etter berre få kilometer lugga smørjinga, noko som førte til at amerikanaren fall og mista plassen sin i front i lag med den svenske trioen Svahn, Maja Dahlqvist og Johanna Hagström. Det same skjedde med tyske Victoria Carl i ein nedoverbakke etter rundt fire kilometer.
– Eg ramla hardt i starten, så eg er glad eg har ein dag å hente meg inn på no. Det blir kanskje litt yoga. Eg slo meg, men det skal gå bra, sa Tour-favoritten til Viaplay.

Landslassjef kasta ut

Den tyske landslagssjefen Peter Schlickenrieder tydde til ein ulovleg metode for å hjelpe utøvarane gjennom snøkaoset. Han plasserte ein ski på tvers av løypa for å fjerne snøkladdar. Det førte til at han mistar akkrediteringasi, ifølge Nettavisen og NRK.
Schlickenrieder hevdar at han ikkje visste at det ikkje var lov.
– Dei fortalte meg det etterpå. Dei sa «hei, ikkje gjer det! Det er mot reglane». Eg visste ikkje det, så det var ei lita tabbe. Det var også litt farleg for Katharina (Hennig), fordi ho heldt på å falle. Så det hjelpte oss ikkje, sa den tyske landslagssjefen til Nettavisen.
Nettavisen skriv vidare at Schlickenrider får ein bot på 1000 CHF. Det er rundt 12 000 norske kroner.
Laurdag skal langrennsløparane ut i 15 kilometer fellesstart, før Tour de Ski-finalen opp slalåmbakken ventar søndag.
Sett denne?
picture

Lindvik beste norske i Innsbruck

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame