Populære sporter
All sport
Vis alt

Klæbo sjanselaus i Ruka – Valnes til topps

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 24/11/2023 klokken 14:48 GMT+1

Johannes Høsflot Klæbo vart smadra av Erik Valnes i verdscupopninga. På kvinnesida var det svensk dominans.

Erik Valnes og Johannes Høsflot Klæbo.

Foto: NTB

Langrennsløparane opna verdscupen i tradisjonens tru i finske Ruka fredag formiddag med sprint på programmet.
Emma Ribom og Erik Valnes var sterkast på oppløpet, og tok dei første verdscupsigrane for sesongen.
– Eg traff veldig bra med det eg gjorde i finalen. Eg var litt ekstra nervøs i dag. Det var nok fordi eg gjekk bra på Beitostølen, og veit eg er i god form, seier ein fornøgd Valnes til Viaplay.
Kristine Stavås Skistad vart nummer tre, medan Jonna Sundling tok andreplassen på damesida.
På herresida tok Richard Jouve andreplassen. Johannes Høsflot Klæbo vart nummer tre.
– Eg er rusten. Eg treng nokre konkurransar for å kome i gong. Alt i alt er eg greit fornøgd, seier Klæbo til Viaplay etter rennet.

Berre éin nordmann til semifinalen

Fem norske kvinner gjekk vidare frå prologen: Ane Appelqvist Stenseth (6), Stavås Skistad (11), Anna Svendsen (21), Mathilde Myrvold (23) og Ingrid Andrea Gulbrandsen (26).
Av dei var Stavås Skistad den einaste som tok seg trygt vidare til semifinalen, medan dei andre måtte sjå seg slått i kvartfinalen. Den store sprint-overraskinga frå Beitostølen, Gulbrandsen, gjekk inn til ein fjerdeplass i heatet sitt. Tida var ikkje god nok til å ta seg vidare til semifinalen som «lucky looser».
I finalen var det svensk dominans. Stavås Skistad var den einaste som ikkje gjekk med den blå og gule drakta. Ho klarte å kapre ein finaleplass etter at ho hadde den beste tida av dei som ikkje kvalifiserte seg direkte.
Konnerud-løparen vann dei fem siste verdscuprenna sist sesong.

Dramatikk i kvartfinalen

Johannes Høsflot Klæbo vart friskmeldt frå korona til Ruka-renna, og var klar for ein ny sesong som verdscupløpar, sjølv om det lenge var knytt usikkerheit til deltakinga hans etter at han gjekk ut av landslaget i vår. Skistjerna hadde ikkje noko problem med å ta seg vidare frå prologen. Det gjorde også dei resterande norske herreløparane.
Pål Golberg rauk i kvartfinalen, medan resten av dei norske løparane gjekk vidare til semi. Even Northug tok seg vidare med eit naudskrik. Han vart an nesten felt då prologvinnar Marcus Grate trakka på si eiga ski og gjekk i bakken.
I finalen vart det eit sterkt norsk felt. Både Klæbo, Erik Valnes, Matz William Jenssen og Ansgar Evensen stod på startstreken, side om side med franske Jouve og italienske Federico Pellegrino. Der viste Valnes seg i eiga klasse, og smadra konkurrentane.
Sett denne?
picture

Gliser av spørsmål: – Ganske fornøgd med den

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame