Populære sporter
All sport
Vis alt

Klæbo gjer comeback på landslaget

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 12/04/2024 klokken 14:44 GMT+2

Johannes Høsflot Klæbo blir ein del av det norske landslaget den komande sesongen.

Johannes Høsflot Klæbo

Foto: NTB

Johannes Høsflot Klæbo returnerer til landslaget. Det stadfestar trøndaren på ein pressekonferanse fredag.
– Vi har landa på at eg er ein del av landslaget. Det har vore målet heile vegen, og var målet i fjor. Så var det noko omstende som var vanskeleg. No står vi heilt annleis enn vi gjorde for eit år sidan, seier Klæbo på pressekonferansen.
Klæbo blir ein del av landslaget dei to neste sesongane.

– Trvis med lagkameratar

Langrennsløparen fortel at det er fleire grunnar til at han no har valt å snu i tida framover:
– Det handlar om fleire ting. Først og fremst har vi alltid ønska eit lag. Eg trivs med lagkameratar, og eg har kjempegod dialog med alle smørjarar, støtteapparat og alle som er med rundt, seier Klæbo og held fram:
– Når ein har 250 reisedøgn i året, og 150 av dei er med landslaget, så er det ein gjeng ein reiser mykje med, som eg trivs å vere rundt.
Klæbo har køyrt eit eige opplegg som inneheld meir høgdetrening enn andre landslagsløparar. Det er noko han vil halde fram med.
– Vi må tilpasse opplegget slik at kvar og ein får det beste sporstlege opplegget. Det har vore viktig for oss å kome fram til kva behov Johannes har. Vi ønsker å møte det, slik at han og laget får den beste oppladinga i ein ny sesong, seier dagleg leiar Cathrine Instebø i skiforbundet.

Takka nei

I april 2023 takka 27-åringen nei til landslagsplass.
Det enda i forhandlingar om representasjonsavtale som Klæbo fekk på plass hausten 2023, like før verdscupopninga. Avtalen inneheldt kva forpliktingar som Klæbo har gjennom sesongen utanfor landslaget.
I 2025 blir det arrangert VM i Trondheim, Klæbo si heimebane. Før representasjonsavtalen kom på plass uttalte han at han ikkje trengde å gå verdscuprenn i 2023/2024-sesongen, då hovudmålet var VM.
Sett denne?
picture

Gliser av spørsmål: – Ganske fornøgd med den


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame