Populære sporter
All sport
Vis alt

Uviss målvaktsituasjon få dagar før VM: – Spesielt

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 23/11/2023 klokken 09:01 GMT+1

VM i handball brakar laus på onsdag, men det er framleis uvisst kven som skal stå i mål for Noreg.

Vil ikkje erstatte veteranane: – Umogleg

HAMAR (Discovery):
Då Thorir Hergeirsson presenterte landslagstroppen til VM på heimebane, var fire namn på lista over målvakter: Marie Davidsen, Katrine Lunde, Olivia Lykke Nygaard og Eli Marie Raasok. Davidsen og Nygaard skal spele i Posten Cup i helga, men berre tre av namna skal spele i VM.
I oktober fekk Lunde seg ein muskelskade i låret, og veteranen på 43 år har ikkje spelt ein kamp sidan Champions League-kampen mot Krim.
– Vi har tatt ut Marie og Katrine til VM, om ho er frisk. Så har vi tatt ut anten Olivia eller Eli, fortel Hergeirsson til Discovery.
picture

Landslagssjef Thorir Hergeirsson.

Foto: NTB

Onsdag møtte handballandslaget pressa. Då kunne Hergeirsson opplyse om at Silje Solberg-Østhassel også var til stades på samling, og eit alternativ for VM om ho blir speleklar etter at ho blei mor i august.
Landslagssjefen fortalde også at Rassok hadde dratt til Tsjekkia for å delta på samling med VM-reservane. Ifølge Hergeirsson vart ho sendt dit for at alle målvaktene skal få kampmoglegheiter før VM.
– Det får Marie og Olivia her i Posten Cup, og Eli får ei god «matching» blant anna mot VM-klare Tsjekkia og mot Slovakia. Då får vi litt referanse, og dei får meir kamptid enn om vi hadde hatt alle her på Hamar.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Hyller laget etter maktdemonstrasjon: – Vi skal bære denne medaljen med stolthet

– Ein jentedraum

Onsdag startar VM, men framleis er det uvisst kva tre målvakter som skal vere med til VM.
– Det er litt puslespel nettopp fordi at vi ikkje veit om Katrine rekk å bli klar. Det ser betre og betre ut dag for dag. Vi har eit håp, men ho er ikkje klarert så tidleg som Posten Cup og kanskje ikkje innleiande rundar i Stavanger.
22-åringen Nygaard legg ikkje skjul på at det er ein spesiell situasjon å vere så få dagar unna meisterskapet, men framleis vere eit uvisst kort.
– Ein trudde at når troppen blei tatt ut, så fekk ein eit ja eller nei. Samtidig er det veldig gøy å vere med i troppen, og vere aktuell, seier Nygaard til Discovery.
Storhamar-spelaren står med fire kampar for landslaget, og fekk debuten sin i mars, då ho vart tatt ut i A-landslagstroppen til ei turnering i Nederland. Målvakta fortel at det hadde betydd mykje å få spele i eit VM, som attpåtil er på heimebane.
– Det er ekstremt stor, og det blir ein draum som går i oppfylling om eg får vere med.
For Davidsen er draumen i ferd med å gå i oppfylling. Ho er den einaste av dei fem målvaktene som er bekrefta klar for VM. 30-åringen har deltatt i meisterskap tidlegare, men utan speletid. No håper ho at sjansen kjem.
– Eg håper jo på litt speletid i VM, men det er ein tøff konkurranse. Det hadde vore heil fantastisk å spele på heimebane framfor norske publikum saman med familie og kjente på tribuna. Det blir nesten ikkje større enn det altså. Det er ein jentedraum som går i oppfylling.

Umogleg å erstatte

Lunde og Solberg-Østhassel har vore nærmast sjølvskrivne målvaktar i ein årrekke. Nygaard og Davidsen fortel at dei ikkje er komne for å erstatte veteranduoen.
– Det er ikkje mogleg å erstatte Silje og Katrine, og vi er ikkje her for å gjere det heller. Vi er med for å hjelpe laget, vise våre kvalitetar og gjere vårt beste, seier Nygaard.
Davidsen innrømmer at det ligg eit visst press på å skulle gå inn i målvaktposisjonen, etter at Lunde og Solberg-Østhassel har vist kvalitetar år etter år.
– Dei er to av dei desidert beste målvaktene i verda, så å skulle ta opp arva etter dei er litt tøft. Men eg tenker ein må jobbe med arbeidsoppgåvene, gjere sitt beste og ta ein kamp om gongen. Om ein får sjansen, må ein ta den.
picture

Katrine Lunde og Silje Solberg-Østhassel.

Foto: NTB

Høyr denne vekas episode av Indre Bane:
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame