Populære sporter
All sport
Vis alt

Kjenner på eit ekstra press før VM på heimebane: – Både på godt og vondt

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 29/11/2023 klokken 11:15 GMT+1

Onsdag startar VM i handball. Sjølv om handballjentene synest det er ekstra stas at det er på heimebane, kjenner fleire av dei på eit ekstra press.

Blir eit ekstra spesielt meisterskap for Herrem: – Kjem til å hugse det resten av livet

Onsdag kveld speler Noreg sin første kamp i årets VM. For spelarane er det eit svært spesielt meisterskap, då det blir spelt på heimebane.
Dei innleiande rundane spelast i Stavanger for dei norske kvinnene, medan hovudrunda blir spelt i Trondheim. Det same gjeld to av kvartfinalane. Semifinalane og finalane blir spelt i Herning i Danmark.
– Det at det er på heimebane trur eg er noko av det som gjer at alle gler seg veldig. Vi har prøvd å spele VM i Kina, Japan og Spania. Det blir ikkje tettare på enn det her, seier Nora Mørk til Discovery.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Vart tatt ut til VM med null landskampar – tok tid før beskjeden sank inn

Dobbel heimebane

Både Mørk, Stine Bredal Oftedal og Camilla Herrem har tidlegare opplevd å spele meisterskap på heimebane. Den gong var det under EM i 2010, der Noreg gjekk av med gullet.
– Det har satt seg fast på minneboka, det. Den gong var eg berre 19 år og det var mitt første meisterskap. Det var fantastisk, fortel Mørk.
Herrem ser også tilbake på europameisterskapet med gode kjensler, men trur at årets meisterskap vil bli noko heilt spesielt. Sola-spelaren er nemleg vaksen opp i kort avstand frå der Noreg spelar sine første kampar. I tillegg skal det norske landslaget spele hovudrunda og eventuelt kvartfinalen i Trondheim.
– I Trondheim budde eg jo i åtte år, så det blir verkeleg to heimebaner for meg. Det blir magisk å spele på dei plassane der eg har brukt mesteparten av livet mitt som handballspelar. Det kunne ikkje blitt betre.
picture

Henny Reistad og Camilla Herrem.

Foto: NTB

Meir trykk

Handballstjerna Henny Reistad har eitt verdsmeisterskap på seniornivå i lomma, men ikkje på heimebane. Ho trur det vil vere stor forskjell å spele i Noreg, sjølv om ho ikkje trur det vil vere meir press innanfor troppen.
– Vi veit kva vi kan som lag, det har vi vist andre gongar også, men det er mange forventingar frå folk som kjem og ser på, og det vil kanskje vere meir interesse rundt det når det er på heimebane, seier ho til Discovery.
Det seier landslagssjef Thorir Hergeirsson og Mørk seg einig i.
– Det er meir trykk på heimebane i og med at det er fleire som veit kven vi er. Vi prøver berre å sjå på det som positivt og prøve å la det motivere oss.
– Forventningane er jo høge utanfrå, og det er det også for vår del. Eg synest vi har eit veldig sterkt lag, seier Mørk.
Det er ikkje første gong at det har vore knytt store forventingar til det norske handballandslaget. Med sju OL-medaljar, 11 VM-medaljar og 13 EM-medaljar har det norske laget ofte blitt utnemnt som favorittar i ulike meisterskap.
– På nokre måtar kan det nok bli eit større press på heimebane, men eg føler at det presset vi pleier å ha er stort uansett, seier Bredal Oftedal.
Den norske kapteinen meiner det både er på godt og vondt.
– Press er eit privilegium. Det betyr at vi har vore gode over tid og folk ser at det bur mykje i oss. Motstandarane veit at sjølv om vi ligg litt bak, har vi det i oss å snu ting. Det er det mykje kraft i. Så er det ingen tvil om at vi kjenner ekstra på det. Det kjennast ut som at du drit deg ut raskare enn du treng å føle, og det kan vere vanskeleg å handtere både individuelt og som lag.

Ser på seg sjølv som favorittar

Noreg er i gruppe med Grønland, Austerrike og Sør-Korea. Dei tre beste frå kvar gruppe sikrar plass i hovudrunda. Om Noreg går vidare ligg det an til at dei møter OL-tittelforsvarar Frankrike, Slovenia og Angola.
– Vi ser på oss sjølv som ein av favorittane. Det ville vore rart om vi ikkje var det, men samtidig veit vi at vi skal vere gode for å kome dit at vi får lov til å spele om medalje, seier Hergeirsson.
Sjølv om det norske laget har mål om medalje, er det brei einigheit i troppen om kva lag som kan vere med på å dempe jubelen for Noreg.
– Det er mange gode lag med, men eg trur Frankrike og Danmark er ganske sterke, seier Herrem.
Mørk har same oppfatning.
– Eg forventar nok spesielt å sjå Frankrike og Danmark i ei semifinalehelg.
Fått med deg denne?
picture

Må reise mykje under VM: – Vi blir eit vandrande sirkus

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame