Populære sporter
All sport
Vis alt

Dette er Noregs neste motstand i VM

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 04/12/2023 klokken 22:47 GMT+1

Det norske handballaget skal ut i hovudrunda i VM.

Norsk jubel etter siger mot Sør-Korea.

Foto: NTB

Noreg gjekk trygt vidare i VM etter gruppespelet. Etter tre kampar spelt trona dei toppen av gruppetabellen med seks av seks moglege poeng. Det betyr at det norske laget skal flytte seg vidare til Trondheim og spele hovudrunda.
Der kjem dei til å møte tredjeplassen i gruppe D onsdag, som er Angola. Dei spelte uavgjort mot Island etter ein svært jamn kamp. Det vil seie at islendingane si VM-reise er over, ettersom Angola hadde betre målforskjell enn Island.
Noreg skal også møte Slovenia og Frankrike i hovudrunda. Frankrike, som vann gruppa etter ein 31-27-siger mot Slovenia, kjem til å møte Noreg på søndag. Slovenia vil bli Noreg sin motstand på onsdag.
Frankrike har, i likskap med Noreg, blitt peika på som eit av favorittlaga dette meisterskapet, også av dei norske spelarane.
– Eg forventar nok spesielt å sjå Frankrike og Danmark i ein semifinale, fortalde Nøra Mørk til Discovery i førekant av meisterskapet.
Det sa kaptein Stine Bredal Oftedal seg einig i.
– Eg trur på papiret at Danmark og Frankrike er dei aller største favorittane, i tillegg til oss sjølve. Dei siste åra har dei alltid vore heilt i toppen, og dei vi har kniva mest med.
Laga som kjem på første og andre plass i hovudrunda går vidare til sluttspelet, som har plass til totalt åtte lag. Om Noreg går til ein kvartfinale, vil denne bli spelt 12. desember. Semifinalane blir spelt 15. desember, medan finalen går 17. desember.
Sett denne?
picture

Blir eit ekstra spesielt meisterskap for Herrem: – Kjem til å hugse det resten av livet

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame