Noreg knuste Frankrike i OL-oppkøyringa: – Litt meir enn forventa

Eurosport på Google

Noreg sendte eit skremmeskot til OL-konkurrentane då dei slo gullvinnarane frå Tokyo tre veker før opningsseremonien i Paris.

Elleville jubelscener: Her har Norge sikret OL-plass

Video credit: Eurosport

  • Følg OL i Paris på TVNorge, Max og Eurosport.no
Onsdag annonserte Olympiatoppen Thorir Hergeirsson sine 14 utvalde spelarar til OL-troppen. Dagen etterpå fekk troppen testa seg mot regjerande OL-meistrar og verdsmeistrar Frankrike i ein treningskamp.
– Vi er mest opptatt av å få testa ut dei tinga vi har jobba med. Vi treng referansar mot ein god motstandar, sa landslagssjef Thorir Hergeirsson til VG før kampen.
Det enda med ein klar siger til Noreg, og Noreg fekk med det revansj frå VM-finalen i fjor.
– Det blei litt meir enn forventa, sa landslagssjefen til VG om sigeren.
– Vi opnar bra. Vi speler rimeleg godt bakover, og Katrine (Lunde) er bra. Det er mykje bra, og mykje å pirke på, held han fram.

Sentral Lunde

Noreg rykka tidleg i frå Frankrike, og etter knapt 15 minuttar spel hadde dei ei femmålsleiing. Frankrike sat inn støyten i sluttminutta, og reduserte Noreg si leiing til tre mål.
Sekundet før pause sat Marit Røsberg Jacobsen ballen i mål og Noreg kunne gå til pause med stillinga 15-11.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Ønsker anna rolle: – Det eg er vand til

Video credit: Eurosport

I andre omgang var Katrine Lunde svært sentral og stengte igjen buret. Dermed kunne Noreg auke leiinga ytterlegare.
– Det følast litt ut som finale. Eg synest vi brukte kampen fornuftig, sa Lunde til VG etter treningskampen.
Etter 40 minutt leia Noreg med heile ti mål, og dei heldt fram storspelet utover omgangen.
Kampen enda til slutt 34-22 etter åtte mål frå toppscorar Henny Reistad.

Gullkandidat

Handballjentene har vore samla i Frankrike sidan 22. juni. Laurdag venter nok ein kamp mot Frankrike, før dei skal spele to kampar mot Danmark seinare i juli.
Noreg, Danmark og Frankrike er favorittar i førekant av OL i Paris.
– Eitt av dei laga vinn nok gull. Det er litt uavhengig kvar ein treff kvarandre på vegen, men dei tre er dei openberre gullkandidatane, seier Discoverys handballekspert Ole Gustav Gjekstad.
Handballjentene har sju medaljar i OL: to gull, to sølv og tre bronsar. Sist gull kom under OL i London i 2012.
Sett denne?
picture

Kjempar om éin av 14 plassar: – Ingen lett oppgåve

Video credit: Eurosport


Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame