Har tatt ut OL-troppen – dette er eksperten si vurdering

Eurosport på Google

Jonas Wille og Thorir Hergeirsson har tatt ut dei 14 som skal spele med flagget på brystet under OL i Paris.

Kjempar om éin av 14 plassar: – Ingen lett oppgåve

Video credit: Eurosport

  • Følg OL i Paris på TVNorge, Max og Eurosport.no.
Onsdag vart handballtroppane til OL i Paris annonsert. Både Jonas Wille og Thorir Hergeirsson tar med seg 14 spelarar kvar, med éin reserve i Paris og to heimeverande reservar.
Discoverys handballekspert Ole Gustav Gjekstad meiner at det ikkje var dei store overraskingane i uttaket.
– Det var omtrent slik som forventa. Wille har hatt nokre skadeforfall, så han hadde ikkje så mange å velje i. Eg trur kanskje det var litt usikkert på linjeposisjonen.
Wille enda til slutt opp med Petter Øverby, Magnus Gullerud og Vetle Eck Aga som linjespelarar.
I tillegg valde landslagssjefen å ta med seg to venstrekantar og berre éin høgrekant.
– Vi satsar på at (Kristian) Bjørnsen held i alle kamper, forklarar Wille til forbundet.
Gjekstad meiner det er eit klokt val.
– Det er nok fornuftig å ha to venstrekantar. Bjørnsen pleier å klare seg åleine på høgrekanten.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
picture

Elleville jubelscener: Her har Norge sikret OL-plass

Video credit: Eurosport

Ulik fartstid

Den største forskjellen mellom troppane er ifølge Gjekstad kor rutinerte dei ulike troppane er.
– Det er mange unge på herresida. Det er alltid spennande å sjå korleis dei unge toler trykket i eit OL, men det gjekk veldig bra i kvalifiseringa, seier Gjekstad og held fram:
– Uttaket på kvinnesida er eit uttak der rutinar og fartstid sikkert har spelt inn. Det er klart det er svært vanskeleg å setje ut spelarar som er 32-33 år og har vore med lenge, så det er ein trygg og god tropp med mange som har vore i OL ein eller fleire gongar.
Sjølv om eksperten ikkje meiner det var store overraskingar, trur han likevel det var nokre posisjonar som ikkje var like klare.
– Eg trur det svinga litt rundt skyttarposisjonen. Det blei (Kristine) Breistøl, men det kunne vore (Ingvild) Bakkerud også. Også i denne troppen kunne ein diskutert om ein skulle ha med to venstrekantar eller ikkje.

Outsider til medalje

Noreg er utnemnd som ein av førehandsfavorittane til gullet på kvinnesida. Gjekstad ser ikkje vekk frå at også herrane kan blande seg i medaljekampen.
– Eg synest dei er ein outsider til medalje, og det kan vere ein god posisjon. Det kan kle laget godt. Det har vore ein del år der ein har forventa at dei skal vere i medaljekampen, men så har dei vore eit stykke unna dei siste meisterskapa.
Likevel trur han vegen dit blir tøff.
– Eg tenker det er ein kjempegod prestasjon om dei klarar å spele seg til ein semifinale, men kvartfinale bør vere det første målet.
Eksperten meiner det er to andre klare favorittar som går igjen både på herre- og damesida:
– Frankrike og Danmark stikk seg fram som klare favorittar.

Dette er troppane

Menn:
Torbjørn Bergerud, Kristian Sæverås, Alexander Christoffersen Blonz, Sebastian Barthold, Kristian Bjørnsen, Harald Reinkind, Gabriel Ostad Setterblom, Christian O'Sullivan, Tobias Grøndahl, Simen Lyse, Sander Sagosen, Petter Øverby, Magnus Gullerud, Vetle Eck Aga.
Reserve i Paris: Magnus Søndenå.
Kvinner:
Katrine Lunde, Silje Solberg-Østhassel, Camilla Herrem, Sanna Solberg-Isaksen, Kristine Breistøl, Veronica Kristiansen, Stine Bredal Oftedal, Henny Reistad, Nora Mørk, Stine Skogrand, Marit Røsberg Jacobsen, Maren Aardahl, Kari Brattset Dale, Vilde Ingstad.
Reserve i Paris: Thale Rushfeldt Deila.
Sett denne?
picture

Ønsker anna rolle: – Det eg er vand til

Video credit: Eurosport


Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame