Fryktar dansk stjernespelar: – Tidenes beste
Publisert 04/08/2024 klokken 15:30 GMT+2
To av spelarane på det norske landslaget er fornøgde med å spele i klubb med Niklas Landin. Dei er derimot ikkje like fornøgde når han står på motsett banehalvdel i OL.
Vil bite frå seg mot Danmark: – Går for å vinne
Video credit: Eurosport
- Følg Danmark-Noreg uavbrutt på Max søndag klokka 19:00!
Til vanleg er Sebastian Barthold og Kristian Bjørnsen lagkamerat med den danske målvakta Niklas Landin, men i OL er han i staden motstandaren deira.
– Det er kjekkare å ha han på laget sitt enn å spele mot han, seier Kristian Bjørnsen til Discovery.
Landin har vunne VM, EM og OL med Danmark, og har vunne Champions League fleire gongar. Han har i tillegg blitt kåra til den beste målvakta i Champions League heile fem gongar.
– Han er tidenes beste keeper. Det er ein mange har brynt seg på tidlegare og kome dårleg ut av duell med, seier Sebastian Barthold til Discovery.
Bjørnsen stiller seg bak lovorda om den to meter høge dansken.
– Han er tett på å vere ein komplett målvakt. Han er ekstremt flink til å lese spelet og han bruker ofte forsvaret og dei situasjonane ein kjem i til sin fordel. Han er kanskje tidanes målvakt.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/08/03/4017751-81492673-2560-1440.jpg)
Lagvenninene fortviler etter Ingstads skade
Video credit: Eurosport
Utnytte svakheiter
Sjølv om Barthold synest det er godt å ha Landin på laget i Aalborg, synest han det er endå betre å score på dansken.
– Det skjer ikkje så ofte på trening. Han har lest meg litt inn no, så eg må finne på noko nytt for å overliste han.
Når Landin no er motstandar har Aalborg-spelarane nokre tankar på kva dei skal gjere for å bruke kjennskapen til sin fordel.
– Han har trena mange timar med oss og veit kva vi er gode for, men vi kjenner jo han også, så det gjeld å finne og utnytte svakheitene hans.
– Vil du avsløre kva svakheiter han har?
– Det er jo ikkje så mange. Det gjeld berre å få det vesle mentale overtaket på han, så kanskje det går vår veg.
Men ifølge dansken er det ikkje berre han som kjenner dei norske spelarane godt – det går også andre vegen.
– Eg trur dei også kjenner mine triks. Det er spennande når ein møter personar som kjenner kvarandre så godt, for kven får overtaket? Det er nok små marginar som kjem til å avgjere det, seier Landin til Discovery.
Går fryktlaust til verks
Danmark blir rekna som eit av verdas beste handballag, men Jonas Wille fortel at hans menn blir ikkje skremt av den grunn.
– Fleire har spelt mot spelarane mange gonger tidlegare. Når ein har møtt dei på treningar kvar dag i nokre år, eller spelt mot dei i ein liga i mange år, så skaper det ein form for tryggheit. Det er med på å bidra til at vårt lag ikkje tenker at dette er umogleg, seier landslagssjefen til Discovery.
Likevel er Wille klar på at Danmark er favorittar.
– Det er heilt enormt korleis dei har stått fram i OL, men kvar kamp lev sitt liv. Når vi møter dei, og eventuelt seinare i ein semifinale, kjem vi til å gå fryktlaust til verks. Vi har alt å vinne i den situasjonen.
Det er over tre år sidan Noreg slo Danmark sist, men då dei spelte Gjensidige Cup i mai enda kampen uavgjort.
– Danmark er eit lag alle vil slå, og no er det på høg tid at vi gjer det også, seier Barthold.
Noreg er allereie kvalifisert til kvartfinale, uansett utfall mot Danmark.
– Dermed er det ein balansegong mellom det å gå «all-in» for å vinne, samtidig som ein ikkje tømmer seg fullstendig med tanke på kvartfinalen, som er det overordna målet.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/08/03/4017759-81492833-2560-1440.jpg)
Knust Mørk etter skade: – Irritert og forbanna
Video credit: Eurosport
Reklame
Reklame