Varierande frå Hovland på dag to: – Ei tøff oppleving

Eurosport på Google

Viktor Hovland hadde ein svært tung start på den andre runda av Wells Fargo Championship. På dei siste ni hola løfta han seg betrakteleg.

Hovland med oppløftande birdie etter heilmørk start

Video credit: Eurosport

  • Følg Wells Fargo Championship på discovery+ og Eurosport Norge til og med søndag
Etter ei tøff avslutning på opningsrunda fekk Viktor Hovland ein svært tøff start på fredagens runde. Då han hadde spelt ferdig dei ni første hola låg han på fire slag over par.
På dei siste ni hola snudde han dagen og retta han opp mykje av skaden. Han kunne notere tre birdiar og ingen bogyear.
– Måten han snur denne dagen på, som starta så dårleg, er heilt nydelig gjort, sa Discoverys golfkommentator Per Haugsrud.
Hovland gjekk av runda med eitt slag over par. Det vil seie at nordmannen har to slag over par totalt før tredje runde laurdag. Det held til ein foreløpig 45. plass.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
picture

Hovland sjokkerte kommentatorane: – Det er sterkt!

Video credit: Eurosport

Fleire bogeyar

Nordmannen opna med par, men så måtte han notere seg tre strake bogeyar. På Hovland sitt femte hol, hol 14, gjekk han av med par, før rundas fjerde bogey var eit faktum.
Hovland gjekk av med par på dei tre siste hola av «back nine» og starta på dei neste ni hola med fem slag over par totalt.
– Han har hatt ei tøff oppleving på dei ni hola han har spelt, sa Haugsrud.

Natt og dag

«Front nine» vart ei mykje betre oppleving for nordmannen, og det var svært stor forskjell på scorekortet.
Etter to strake par kunne han opne birdiekontoen og notere den første sirkelen for runda på scorekoret.
Hovland gjekk så av med par før den andre birdien for runda var eit faktum.
På hol sju følgde Hovland opp med nok ein birdie og han var dermed tilbake på eitt slag over par for runda og to slag over par totalt.
Nordmannen avslutta runda med ein par.
Xander Schauffele leiar med elleve slag under par.
Sett denne?
picture

Situasjonen fikk kommentaorene til å stusse: – Veldig rart

Video credit: Eurosport




Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame