Hovland med marerittavslutning på opningsrunda: – Tøffe hol

Eurosport på Google

Viktor Hovland fekk det svært tøft på slutten av opningsrunda av Wells Fargo Championship.

Misnøgd Hovland: – Det er så dårleg

Video credit: Eurosport

  • Følg Wells Fargo Championship på discovery+ og Eurosport Norge fredag til søndag
Viktor Hovland er tilbake i turneringsspel for første gong sidan The Masters for ein månad sidan. Der missa nordmannen cuten for første gong på to år.
Nordmannen fekk det svært tøft på dei siste hola av opningsrunda. Til slutt kom han inn på +1 totalt og ein delt 43. plass.
Xander Schauffele er i leiinga med -7 totalt.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Hovland ace hull 6

Video credit: Eurosport

Kjempestart

26-åringen fekk derimot ein kjempestart på opningsrunda då han kunne notere ein birdie på første hol. Deretter følgde han opp med par på dei tre neste hola, før dagens andre birdie var eit faktum på det påfølgande par fire-hòlet.
Etter ein tur ned i fairway bunkeren på utslaget på hol seks måtte Hovland notere den første firkanten på scorekortet for runda. Den retta han derimot opp igjen på neste hol, der han hadde ein god eaglemoglegheit som til slutt resulterte i nok ein birdie.
– Det er slik vi er vand til og slik vi likar å sjå han, sa Discoverys golfkommentator Henrik Bjørnstad.
Den norske golfstjerna avslutta «front nine» med ein bogey og starta på dei siste ni med -1 totalt.

– Det er så dårleg

Hol ti vart ein berg- og dalbane for Ekeberg-guten. Andreslaget landa like nedanfor greenen, og Hovland var tydeleg misnøgd. Han uttalte «det er så dårleg» like etter slaget.
Sjå slaget øvst i saka.
Innspelet var ikkje Discovery sine golfkommentatorar særleg imponert over. Ballen landa åtte meter frå hòlet.
– Det der synest ikkje eg var så veldig bra. Det er jo heilt natta, sa Per Haugsrud.
Men Hovland imponerte til slutt med ein birdie.
– Har du sett for ein putting han leverer! Det er sterkt å få inn den der, sa Haugsrud.
– Det er bonus. Der hadde eg skrive fem på kortet, sa Bjørnstad.
Sjå birdieputten her. Saka held fram under videoen.
picture

Hovland sjokkerte kommentatorane: – Det er sterkt!

Video credit: Eurosport


Tøff avslutning

På neste hol måtte Hovland derimot tole nok ein bogey, før han følgde opp med tre strake par.
Hovland noterte seg den femte birdien for runda på hol 15, og var tilbake på -2.
– No handlar det om å klamre seg til -2 siste tre her. Det går sjølvsagt an å gjere birdie på dei også, men det er det å avslutte med tre par som gjeld. Dei er så tøffe, sa Bjørnstad.
Nordmannen fekk verkeleg kjenne på at det var tøffe hol. På hol 16 missa han parputten, som var på tre meter, og han måtte gå av med den fjerde bogeyen for runda.
På det nest siste hòlet gjekk Hovland av med ein par, men deretter vart det tøft igjen.
Etter å ha vore ute i semiroughen på siste hol, slo Hovland ballen ut i vatnet på venstre side av greenen. Dermed gjekk han av med ein dobbel bogey, og enda til slutt på eitt slag over par.
Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame