Populære sporter
All sport
Vis alt

Scheffler i teten etter politidrama: – Varma opp i fengselscella

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 17/05/2024 klokken 22:55 GMT+2

Verdseinaren verka ikkje prega av hendinga fredag då han spelte andrerunda av PGA Championship.

Scottie Scheffler var blid under andrerunda, trass i det som hadde skjedd berre timar før.

Foto: Getty Images

  • Følg OL i Paris på Eurosport.no, TVNorge og den nye strøymetenesta Max! 
I førekant av den andre runda av PGA Championship oppstod det stor dramatikk. Verdseinar Scottie Scheffler blei pågripen av politiet.
Scheffler skal ha forsøkt å ta seg forbi ein politibetjent utanfor Valhalla Golf Club, sjølv om vegen var stengt etter ei dødsulykke tidlegare på dagen. Ifølge fleire aviser, blant anna BBC, er Scheffler også meldt for overfall av ein politibetjent.
Verdseinaren uttalte i etterkant at det ikkje var intensjonen hans å ignorere instruksjonane frå politibetjenten.
Då golfspelaren starta på runda si berre fire timar seinare verka han ikkje særleg prega.
Amerikanaren starta runda med ein birdie, før han gjorde det same på hol tre, med ein bogey i mellom.
På Scheffler sitt niande hol for runda, hol 18, kunne han notere nok ein sirkel på scorekortet, og var dermed nede i -2 for runda.
Scheffler gjekk av med tre birdiar på «front nine», og kom til slutt inn på fem slag under par og ein foreløpig delt 3. plass, før alle golfspelarane er ferdige med runda si. 27-åringen gjekk av opningsrunda med fire slag under par.
– Eg brukte litt tid på å tøye og varme opp i fengselscella sidan eg tenkte at eg kunne rekke å spele. Det var første gong eg gjorde det, sa Scheffler på pressekonferanse etter runda.
Viktor Hovland slo ut på andrerunda 21:11. Han låg på tre slag under par etter opningsrunda.
Collin Morikawa toppar foreløpig resultatlista med elleve slag under par.
Fått med deg denne?
picture

Opnar opp om endringane: – Er ikkje så lett at ein speler bra golf resten av livet


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame