Populære sporter
All sport
Vis alt

Hovland med kjempeopptur – i tetsjiktet etter opningsrunda

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 17/05/2024 klokken 08:13 GMT+2

Viktor Hovland leverte ei svært god opningsrunde og jaktar dermed teten i PGA Championship.

Opnar opp om endringane: – Er ikkje så lett at ein speler bra golf resten av livet

  • Følg Hovlands andrerunde i PGA Championship fredag frå kl. 19.51 i vårt livesenter på Eurosport.no

Torsdag ettermiddag spelte Viktor Hovland opningsrunda i årets andre majorturnering. Der den første majorturneringa, The Masters, enda i at Hovland ikkje klarte cuten, starta PGA Championship svært mykje betre.
Hovland kom til slutt inn på tre slag under par totalt og ein delt 18. plass.
– Det er ein god start på turneringa, og noko å bygge vidare på. Det blir veldig spennande å sjå utviklinga vidare no, seier Discoverys golfekspert Marius Thorp.
Hovudpersonen sjølv var ikkje like nøgd.
– Det følast ikkje så bra ut, men eg er på riktig veg. Eg tviler jo ikkje på evna mi til å spele golf. Eg speler bra, så eg må berre helde fram med å jobbe i riktig retning, så er eg ikkje langt unna, sa Hovland etter runda.
Sjå intervju med Hovland øvst i saka.

Draumeopning

26-åringen opna runda på best mogleg vis då han kunne notere ein birdie på første hol. Deretter følgde han opp med par på neste hol, før han gjekk av med to strake birdiar.
– Det er ei lang bane, så det gjeld å slå bra slag frå tee og treffe mykje fairway. Då er mykje gjort, sa Hovland då han oppsummerte runda.
Etter draumeopninga måtte vart den første bogeyen for runda eit faktum på Hovland sitt femte hol, hol 14. Ekeberg-guten slo derimot tilbake, og noterte seg nok ein birdie på hol 16.
På hol 17 kom rundas andre bogey, og Hovland avslutta «back nine» på -2 totalt.

Bogeyfritt

Birdieshowet var ikkje like klart då Hovland gjekk i gong med «front nine». Nordmannen gjekk av med par på dei seks første hola.
På hol sju kunne han notere nok ein sirkel på scorekortet etter eit kjempeinnspel på green, og gjekk dermed ned til -3 totalt.
Hovland avslutta opningsrunda med to strake par.

Historisk

Xander Schauffele leiar turneringa etter opningsrunda med ni slag under par.
Amerikanaren vart også historisk etter runda. Han er den første til å gå ei runde i PGA Championship med 62 slag.
I tillegg tangerte han rekorden for beste runde i alle majorturneringane gjennom tidene. Det gjorde han også på opningsrunda i U.S. Open i 2023.
Fått med deg denne?
picture

Hovland må le av egen tabbe


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame