16.05.24 - 13.15
Starter
PGA Championship
Individuelt - Men • Finale
Før kamp

Individuelt -

    
30
Highlights 
 
 Supprimer
 

Takk for følget, og velkommen tilbake i morgon! Då slår Hovland ut klokka 19:51, og du kan følge kvart slag i vårt livesenter!

 

Dermed avsluttar nordmannen på tre slag under par. Det held foreløpig til ein 8. plass.

 

Hovland avsluttar med par.

 

Putten blir akkurat litt for kort. Ein knapp meter for å avslutte runda med par no.

 

Slår seg inn på green, men har ein nokså lang birdieput på ni meter.

 

Hovland finn fairway på det siste utslaget for dagen! 151 yards til flagget.

 

Då skal Hovland ut på det siste holet denne runda.

 

Hol 9: Par 4, 411 yards

 

Det blir ein par på det nest siste holet av opningsrunda til Hovland!

 

Putten blir akkurat for lang og går litt for langt til høgre.

 

Finn green på utslaget! Hovland har no ein birdieputt på seks meter.

 

Hol 8: Par 3, 169 yards

 

Der ja! Der sit den første birdien på «front nine»!

 

For eit innspel! No har Hovland berre ein meter for birdie!

 

Slår seg så ut i semiroughen til høgre for greenen, 32 yards frå pinnen.

 

Finn faiway, 224 yards frå pinnen.

 

Hol 7: Par 5, 590 yards

 

Par.

 

Åh, det er så nære ein birdie, berre nokre få centimeter unna!

 

Andreslaget går ned i greenside bunker på venstre side av green. Åtte meter opp til pinnen.

 

Hol seks er delt i to, med eit vatn som skil tee og green. Hovland legg seg heilt i utkanten på høgre side, og har 211 yards til pinnen.

 

Hol 6: Par 4, 498 yards

 

Hovland er altså på -2 framleis, og per no held det til ein delt 11. plass.

 

Eit godt forsøk, men ballen går til høgre for holet, og det blir ein par.

 

Nytt innspel som finn green og som gir Viktor ein moglegheit for birdie. Har ein putt på 8 meter.

 

Eit ypperleg utslag! Hamnar til høgre i fairway, 147 yards frå flagget.

 

Hol 5: Par 4, 467 yards

 

Par.

 

Ein litt keitete lengde, og dermed blir slaget litt for svakt. 60 centimeter frå holet.

 

Andreslaget går rett i den lille oppoverbakken opp til green, og stoppar dermed der. 8 meter til holet.

 

Finn fairway nok ein gong. Opp mot høgre del av fairway.

 

Hol 4: Par 4, 352 yards

 

Åh, det er så nære også her. Men det blir ein par.

 

Eit kjempeutslag som landar berre fem meter frå holet! Kan han notere seg den femte birdien her då?

 

Hol 3: Par 3, 194 yards

 

Eit nydeleg forsøk frå Hovland frå langt hald, men det blir nok ein par.

 

Speler seg inn på green, og får ein birdieputt på rundt åtte meter.

 

Finn fairway fint, og har 196 yards til pinnen.

 

Hol 2: Par 4, 493 yards

 

Hovland går av med par på hol ein etter at han kjem seg opp på green og set parputten på halvannan meter.

 

Finn fairway på utslaget, men kjem seg så akkurat ikkje inn på green. Ballen legg seg til venstre for greenen, 12 meter frå holet.

 

Hol 1: Par 4, 487 yards

 

No skal Hovland i gong med «front nine» og ligg no på -2 for runda. Det held til ein delt 4. plass.

 

Åh, snittar holkanten, men ballen går ikkje inn. Dermed blir det ein par.

 

Etter å ha funne fairway finn han også green. Han augnar nok ein birdemoglegheit her, 2,5 meter frå holet.

 

Slår seg ut i roughen til høyre, Viktor. Har 236 yards inn til pinnen.

 

Hol 18: Par 5, 571 yards

 

Han misser den putten og må notere ned den andre firkanten for runda på scorekortet. Han er nede i -2 no.

 

Eit godt bunkerslag. Det trillar litt forbi holet, men han har ein putt på 3,5 meter for par.

 

Dagens tredje bunkerbesøk! 12 meter til pinnen, så vi får sjå kva Hovland kan få til her nede.

 

Kjem ein høgremiss frå Hovland på utslaget her. Ballen legg seg i roughen 172 yards til green.

 

Hol 17: Par 4, 451 yards

 

Ein ny birdie, og Hovland er tilbake på -3! Følger opp eit ordentleg bra jernslag med den putten.

 

For eit innspel! Slår seg inn på green og får ein to meter lang birdieput!

 

Eit godt utslag som landar midt i fairway, 203 yards til flagget.

 

Hol 16: Par 4, 503 yards

 

Sit ikkje den putten heller. Hovland slår ballen for langt til høgre. Dermed blir det nok ein par.

 

Innspelet er godt og landar seks meter frå holet. Dermed har Hovland ein liten birdiemoglegheit.

 

Denne gongen går utslaget ut i venstre rough. 123 yards til pinnen.

 

Hol 15: Par 4, 424 yards

 

Det blir ein bogey. Hovland er no på -2 og ein delt 4. plass.

 

Åh, putten går til høgre for holet.

 

Innspelet blir noko langt, og sprett drøye tre meter forbi holet.

 

Utslaget landar i roughen, men hoppar ned i greenside bunker på høgre side av green. Berre åtte meter frå flagget her nedifrå, men han må verkeleg jobbe hardt for ein birdie frå det utgangspunktet.

 

Hol 14: Par 3, 256 yards

 

Jadda! Birdieshowet fortsetter! Hovland er no på -3 og åleine i leiinga.

 

Kan Hovland helde fram den gode starten?

 

Kjem seg trygt over vatnet, og har no ein fem meter lang birdieputt.

 

Hovland finn fint fairway på utslaget. 96 yards til flagget.

 

Greenen er omringa av vatn på alle kantar på dette holet.

 

Hol 13: Par 4, 343 yards

 

No er han nede på -2 og toppar leiartavla.

 

Nok ein birdie! Ein draumeopning på Hovland!

 

Nok eit fint innspel! Fem meter til ein birdie.

 

Ballen landar i fairway, men trillar ut i semiroughen. 184 yards til flagget.

 

Hol 12: Par 4, 491 yards

 

Kjem seg ut av bunkeren, men slaget blir noko kort, og dermed må han nøye seg med ein par på dette holet. Hovland ligg på -1 etter to spelte hol.

 

Åh, må ein tur ned i høgre greenside bunker etter dette utslaget.

 

Hol 11: Par 3, 216 yards

 

Birdiekontoen er open! For ein start!

 

Det er eit svært fint innspel! Augnar ein glimrande birdiemoglegheit på opningsholet med ein putt på to meter.

 

Flagget står til høgre på greenen.

 

Finn fairway på andreslaget, denne gongen litt til venstre. 117 yards til pinnen herifrå.

 

Utslaget går ut i roughen på høgreside. 290 yards til pinnen. Unngår akkurat høgre fairwaybunker.

 

Hol 10: Par 5, 590 yards

 

Då stiller Hovland seg opp på tee, og er klar for å slå ut!

 

Nordmannen startar på «back nine», altså er hol 10 hans første for runda.

 

Runda er utsett ti minutt på grunn av tåke. Hovland slår dermed ut 14:36 i lag med Cameron Smith og Hideki Matsuyama. Du kan følge Hovland si runde slag for slag i dette livesenteret!

 

PGA Championship er den andre majorturneringa for året. I førre majorturnering, The Masters, klarte ikkje Hovland cuten.

 

Hei og velkommen til livesenter av Viktor Hovland si opningsrunde i PGA Championship!