Hovlands historiske siger: – Hadde eit mentalt overtak over Scottie

I august sikra Viktor Hovland karrierens største triumf då han vann FedEx-cupen. Hovudpersonen sjølv skjønte at tittelen var hans på eitt spesielt tidspunkt.

Visste FedEx-tittelen var sikra på eitt tidspunkt: – Var litt rart

Video credit: Eurosport

2023 var året då Viktor Hovland skreiv norsk golfhistorie: Han vart den første norske vinnaren av FedEx-cupen.
– Dette er jo litt sjukt. Det er dette du jobbar for, og då er det deilig å få resultat, sa Hovland til Discovery då sigeren var sikra tilbake i august.
Fire månadar seinare er det ikkje sjølve tittelen som sit sterkast i minnet.
– Tittelen i seg sjølv er kult, men måten eg gjorde det på også. Den førsterunda i Memphis, og så spele så bra dei neste rundane. Den opplevinga kjem eg til å tenke mest på. Det følast ut som eg klarte å knekke ei viss kode då, seier Hovland.

Var sjølvsikker

Då den norske golfstjerna opna sesongens siste turnering, Tour Championship, låg han på andreplass samanlagt etter sigeren i BMW Championship.
Leiaren, Scottie Scheffler, starta med -10, medan Hovland låg berre to slag bak.
– Eg var veldig sjølvsikker. Eg følte at eg hadde mentalt overtak over Scottie, sjølv om han leia med to slag.
Hovland og Scheffler spelte saman den første runden. 26-åringen frå Ekeberg heldt fram med same tankesett som han gjorde under BMW Championship:
– Eg tenkte at eg ikkje trengte å gjere noko sjukt, berre spele den golfen eg speler. Då kom eg til å vere veldig vanskeleg å slå.
Det lønna seg. To birdie sendte Hovland forbi Scheffler samanlagt, som på si side enda opp med trippel bogie på hull nummer 15.

– Fekk aldri «holy shit»-kjensla

Fleire konkurrentar forsvann frå tetkampen, men nordmannen heldt fram med storspelet. Han leia med seks slag før siste dag.
Likevel blei ikkje finaledagen utan dramatikk. Vêret sat ein stoppar for spelet i to timar, og Xander Schauffele kraup seg nærare og nærare nordmannen.
– Eg prøvde å setje han litt på plass. Han var i jageposisjon og hadde ingenting å tape. Kvar gong han såg ei moglegheit, så lukka eg den døra.
Og på hull 16 og 17 leverte Hovland to birdie, og døra vart lukka heilt. Ute på bana forstod hovudpersonen at han var vinnaren av Tour Championship og heile FedEx-cupen.
– Eg skjønte det eigentleg på hol 17, men det var litt rart. Eg leia med seks slag, så kom dei litt nære, så fekk eg ei leiing igjen. Eg hadde på ein måte førebudd meg på å vinne litt, så eg fekk aldri den «holy shit»-kjensla.
Etter sigeren var i boks kunne Hovland puste letta ut.
– Det var fett, men det var sjukt stressande. Eg var klar for å bli ferdig med alt, henge med folka og legge meg ned og slappe av. Det var kjensla eg hadde etterpå.
Fått med deg denne?
picture

Hovland bryter ut i latter: – Litt tidlig på «fistpumpen»

Video credit: Eurosport

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame