Populære sporter
All sport
Vis alt

Hovland klar for turneringscomeback: – Har noko å revansjere

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 07/03/2024 klokken 14:39 GMT+1

Viktor Hovland tok ei pause frå turneringar, men er no klar til å gå i gong igjen.

Optimistisk Hovland før storturnering: – Det går definitivt i riktig retning

  • Sjå Viktor Hovland i Arnold Palmer Invitational frå kl. 16:10 torsdag på discovery+
Viktor Hovland har hatt ein rufsete start på sesongen. Nordmannen har berre spelt tre turneringar så langt i år, og valde å ta ei turneringspause etter The Genesis då ting ikkje sat slik golfstjerna ville.
– Resultatmessig har han ikkje vore heilt der han sjølv, og dei som følger han, håpar. Det er likevel ikkje noko dramatikk rundt det. I fjor hadde han heller ikkje fantastiske resultat frå start, men han vart betre og betre utover sesongen, seier Discoverys golfekspert Marius Thorp.
No kjem derimot turneringane på løpande band for 26-åringen. Torsdag returnerer han til turneringsspel.
– Dette er ein travel del av sesongen. No nærmar vi oss den fasen der dei viktigaste turneringane kjem, med «signature events», The Masters, US Open, og meir. Tida har kome for å begynne å henge med, seier Thorp.
Hovland sin nye trenar er for første gong med Viktor Hovland i ei turnering. Sjå intervju med han her. Saka held fram under videoen.
picture

Se intervjuet med Hovlands nye trener

Gode minner

Først på programmet er Arnold Palmer Invitational. Hovland har gode minner frå den turneringa. I fjor vart han nummer ti, medan han året før kom på andreplass.
– Han føler nok at han har noko å revansjere fordi han var såpass nære dei siste åra, seier Thorp.
Thorp trur Hovland kan vere med å kjempe i toppen av turneringane som kjem framover.
– Om han finn godfølelsen og rytmen, så kan han vere med å kjempe der oppe. Vi får håpe at treningsperioden før og etter The Genesis har gjort godt. Det er ingen tvil om at han må begynne å prestere for å henge med no.
Under turneringspausen har svingen vore fokusområdet for Ekeberg-guten.
– Han føler at han ikkje har hatt like god kontroll dei siste turneringane, så det er der han har brukt mesteparten av tida. Det handlar om å finne godfølelsen i svingen. Det vil vere ein katalysator for sjølvtillit, slik at han kan sleppe seg meir laus. No må han gå ut og stole hundre prosent på det han har, seier Thorp.
  • No kan du vinne golfball signert av Viktor Hovland. Sjå korleis på Eurosport Norge sin Instagram

– Ikkje krise

Etter at Hovland leverte eit skuffande resultat i AT&T Pebble Beach Pro-Am-turneringa i starten av februar, har fleire stilt spørsmål om kva som skjer med golfstjerna. Thorp meiner det er lenge til ein kan vere bekymra over nivået til Hovland.
– Det er mange år til. Ein må nesten ha eit større perspektiv på kva som har skjedd på så kort tid. Han er berre på sitt femte år på PGA-touren. Det er ei kort tid i ei lang karriere. Det er ikkje krise no.
Ifølge Thorp skal det ikkje mykje til før ein rasar ned på resultatlista – og omvendt.
– Breidda i verdstoppen er enorm. Om ein droppar nokre prosent, og dei andre ikkje gjer det, så hamnar ein langt ned på lista. Vi har også sett kva som skjer når Hovland ikkje droppar prosent – då vinn han samanlagt. Vi veit kva potensialet hans er.
Fått med deg denne?
picture

Kaster kølla i frustrasjon: – Det sier det meste

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame