Hovland slo tilbake etter blytung start

Viktor Hovland fekk ein marerittstart på runde tre av Genesis Scottish Open, men klarte å hente seg inn igjen.

Absurde bilder fra sisterunden: – For noen idioter!

Video credit: Eurosport

  • Følg Hovland og Ventura i OL i Paris på Max!
Den norske golfstjerna klarte akkurat cuten etter at han gjekk opningsrunda på tre slag under par, og andre runde eitt slag under par.
Laurdag var det duka for nye moglegheiter for nordmannen. Etter ein tøff start klarte Hovland å klatre fleire plassar på resultatlista. Nordmannen ligg no på -6 totalt. Det held foreløpig til ein delt 43. plass.
I likskap med fredagens runde gjekk det verkeleg ikkje Hovland sin veg på opningsholet. Han måtte notere seg ein dobbel bogey allereie der. Han slo derimot tilbake med ein birdie på hol tre og fem, og var med det tilbake på par.
På hol sju heldt problema fram for Ekeberg-guten, og han måtte notere ned ein firkant på scorekortet. Nordmannen avslutta «front nine» med ein oppløftande birdie, og par for runda.
På dei neste seks hola gjekk Hovland av med par, før rundas fjerde og femte birdie kom på hol 16 og 17. Nordmannen avslutta med par på siste hol.
Dermed enda han tredje runde på -2.
Svenske Ludvig Åberg leiar turneringa med -17 totalt.
Sett denne?
picture

Hovland etter sisterunden: – Fortsatt en jobb å gjøre

Video credit: Eurosport


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame