Hovland fall på resultatlista

Viktor Hovland var avhengig av ei svært god runde søndag for å få ei topplassering. Slik vart det ikkje.

Vanvittig Hovland-putt

Video credit: Eurosport

  • Følg Hovland og Ventura i OL i Paris på Max!
Runda pågår framleis!
Før søndagens runde låg Viktor Hovland på -6 totalt. Det heldt til ein delt 43. plass.
Hovland enda den siste runda på -1, og falt med det fleire plassar på resultatlista. Han ligg foreløpig på ein delt 46. plass, men fleire av spelarane held framleis på.
Ekeberg-guten fekk problem på opningsholet, slik han også hadde dei to føregåande rundane. Der måtte han notere den første bogeyen for runda. Han retta det opp igjen med to strake birdiar på hol tre og fire, men på hol seks kom ein dobbelbogey.
Hovland gjekk av med par og birdie, før han avslutta «front nine» med nok ein bogey.
På dei siste ni hola var det ikkje like stor variasjon i Hovland sin prestasjon. Han opna «back nine» med ein birdie, før han gjekk av med fem strake par.
26-åringen kunne notere den femte birdien på hol 16, og avslutta runda med to strake par.
Sett denne?
picture

Her gjør han det utrolige igjen

Video credit: Eurosport


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame