Populære sporter
All sport
Vis alt

Warholm sesongopnar – kan slå verdsrekorden

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 22/05/2024 klokken 11:00 GMT+2

Onsdag opnar Karsten Warholm utandørssesongen i Trond Mohn Games. Der har han skumle planar.

Warholm om OL: – Veldig spesielt

  • Se OL i Paris på TVNorge og den nye strømmetjenesten Max!
Karsten Warholm skulle i utgangspunktet sesongdebutere på Bislett Games, men endra meining i siste liten.
I staden skal han springe 300 meter hekk i Trond Mohn Games onsdag. Dei fine forhalda i Bergen var ein av grunnane til at Warholm ville stille til start på den noko uvanlege distansen.
– Det ville vore litt risiko å køyre full sprint i ti grader og regn, sa hekkeløparen til BA då han landa i Bergen tysdag kveld.
Forhalda gjer at Warholm ikkje er framand for at det kan skje store ting på Fana stadion.
– Verdsrekord er ikkje utenkeleg. No kjem eg rett frå eit treningsopphald i Spania, og ein veit ikkje kor mykje det eventuelt har kosta. Den rekorden vi sat på Bislett var jo sjølvsagt bra, men det er slett ikkje utenkeleg, seier Warholm til lokalavisa.
Warholm har den noverande verdsrekorden på 300 meter hekk. Den er på tida 33,26 sekund og vart sette på Bislett stadion i Oslo i 2021.
På Bislett Games 30. mai skal den norske hekkeløparen springe 400 meter hekk utandørs for første gong i år. 28-åringen er regjerande OL-meister på den distansen.
Fått med deg denne?
picture

Warholm om forholdet til suksesstreneren: – Han er både mentaltrener og «mental»


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame