Warholm klar for finale: – Veldig glad

Karsten Warholm får moglegheit til å forsvare OL-gullet frå Tokyo.

Her løper Warholm inn til finaleplass

Video credit: Eurosport

  • Følg OL i Paris på TVNorge og Max!
PARIS/OSLO (Discovery):
Karsten Warholm er klar for OL-finalen i 400 meter hekk. Han vann heatet sitt med tida 47.67 sekund.
– Det var veldig fint. Eg er glad for det, seier Warholm til Max.
Dei to første i kvart heat, samt dei to raskaste tidene, avanserte til finalen.
Alison dos Santos vart nummer tre i heatet.
– Kva driv dos Santos med? Det lurer eg på, sa Max-kommentator Jørn Sundby.
Brasilianaren vart slått av Warholm og franske Clement Ducos.
– Han var fyra. Eg merka det på innsida. Han var klar, seier Warholm om franskmannen.
Dos Santos måtte difor vente til dei to andre heata var ferdig, før han visste om han gjekk vidare på tid. Til slutt enda han med den beste tida av dei som ikkje vart kvalifisert direkte, og får difor springe i finalen.
– Det er ei kjensle eg aldri vil oppleve igjen, seier dos Santos til Max om ventetida.
Warholm er regjerande olympisk meister på distansen frå Tokyo. Der sette han også verdsrekord med tida 45.94 sekund.
Finalen går fredag klokka 21:45.
Fått med deg denne?
picture

Her går det galt for Tokyo-gullvinneren

Video credit: Eurosport


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame