Kom til Noreg for tolv år sidan – no representerer han landet i OL
Publisert 09/08/2024 klokken 21:22 GMT+2
Zerei Kbrom Mezngi er klar for OL-debuten sin for Noreg, tolv år etter at han flykta frå heimlandet sitt.
Deltar i sitt tredje OL – dette er målet
Video credit: Eurosport
- Følg alt av friidrett i Paris-OL på Max!
PARIS/OSLO (Max):
– For meg er dette veldig, veldig stort.
Det seier Zerei Kbrom Mezngi. Laurdag får han OL-debuten sin når han skal representere Noreg i maraton.
Slik var det ikkje gitt at det skulle bli. Mezngi vaks opp i fattigdom i Eritrea, men hadde alltid eit stort idrettstalent og glede av idretten.
I 2012 flykta Mezngi frå Eritrea til Noreg, og allereie då kom draumen om å representere Noreg i OL.
– For åtte år sidan hadde eg ikkje pass, men då eg fekk det tenkte eg «no kan eg springe OL», fortel 38-åringen.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/08/08/4022142-81580488-2560-1440.jpg)
I ekstase etter finaleavansement: – Heilt sjukt!
Video credit: Eurosport
Sjokkerte friidrettsverda
Fleire sperra auga opp for Skjalg-løparen då han sjokkerte med EM-sølv på 10 000 meter for to år sidan. Det gjorde at Mezngi fekk moglegheita til å leve av idretten.
Når han no skal springe maraton i OL er planen klar:
– Eg kjem til å opne forsiktig og fornuftig. Om eg gjer det, kan det bli veldig bra. Om eg opnar for tøft, kan det bli litt vanskeleg, fortel han.
Sjølv om han aldri har deltatt på den aller største scena før, er ikkje nervane å spore hos langdistanseløparen.
– Det blir veldig kjekt.
Mål om topp ti
Sondre Nordstad Moen er Noregs andre kort på maratondistansen. Han deltok også under OL i Rio de Janeiro og Tokyo.
– Eg vart nummer 19 i Rio, medan i Tokyo gjekk det ikkje så bra. Eg trena meg i senk før OL, og var sliten då eg kom dit, seier Moen til Max.
Denne gongen er ikkje det tilfellet, meiner trøndaren.
– Forma er så bra som eg hadde håpa på. Eg følte at eg nådde ein fysisk topp for ein månad sidan, og har berre prøvd å heldt det ved like den siste månaden, fortel han.
Moen fortel at han har eit mål om å bli topp ti i Paris.
– No er det kanskje litt større breidde bak dei aller beste, så eg må gjere eit veldig godt løp for å betre plasseringa frå Rio. Eg har trua på at eg kan kjempe om ein topp 15-plassering i alle fall. Skal eg bli topp ti er eg nok litt avhengig av kva andre gjer også.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/08/08/image-55049434-6f75-4275-9711-b72f4efb22e4.jpeg)
Sondre Nordstad Moen.
Foto: NTB
Meldt høge temperaturar
Laurdag er det meldt opp mot 26 grader og steikande sol når startskotet går i Paris.
– Det kan påverke alle utøvarane. Det blir ein veldig tøff konkurranse, meiner Mezngi.
Moen er ikkje bekymra for temperaturen.
– Dette er ein god norsk sommar, vil eg seie. Det er ikkje noko luftfuktigheit. Det blir jo varmt, så det er nok ingen som kjem til å springe inn til personleg rekord, men vi spring for plasseringar, og det er likt for alle, seier han og held fram:
– Eg kjem til å gjere mine vanlege rutinar som: Ha litt is i capsen, kjøle meg ned der eg kan, få i meg den drikka eg skal ha undervegs, og springe på min eigen intensitet.
Sistnemnde trur han blir spesielt viktig gjennom heile løpet:
– Eg må klare å springe på same intensitet heile løpet, slik at eg ikkje må ned i fart dei siste seks-sju kilometerane og det fossar mange løparar forbi. Det kan jo skje. Maraton er langt, og du veit aldri kva forfatning du er i når du kjem til 35 kilometer.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/08/08/4022425-81586148-2560-1440.jpg)
I storform – også etter rekordløpet: – Det er så fett!
Video credit: Eurosport
Reklame
Reklame