Populære sporter
All sport
Vis alt

Fekk nyleg personleg rekord – endra planane for Bislett Games

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 15/06/2023 klokken 10:44 GMT+2

Henrik Ingebrigtsen står på startstreken under Bislett Games, med ein ny personleg rekord og nye ambisjonar.

Ein ny personleg rekord gjorde at Henrik Ingebrigtsen endra ambisjonane for Bislett Games.

Foto: NTB

OSLO (Discovery):
– Dei tolv og ein halv rundane på Bislett går ikkje av seg sjølv, men det er ein respons i publikum som, for oss nordmenn, er unik. Vi klarer potensielt å få ut litt ekstra rundt den bana der, seier Henrik Ingebrigtsen til Discovery.
Torsdag går startskotet til Bislett Games, der eldstebror Ingebrigtsen er ein av tre norske utøvarar som står på startstreken på 5000 meter.

Fekk ny personleg rekord

Dei siste sesongane har Ingebrigtsen slitt med mykje skader. Det har gjort at fleire har tvila på han. Då han i mai fekk ny personleg rekord på 5000 meter, distansen han skal springe på Bislett, vart nok fleire overraska.
Gjer dette at ambisjonane på Bislett er endra?
– Ja, for så vidt. men det er på ein måte så fort eg hadde håpa på å springe denne sesongen. Det kom berre litt tidleg, seier han.

Vil klare VM-kravet

Med Ingebrigtsen på startstreken torsdag, står også lagkameratane Magnus Tuv Myhre og Zerei Kbrom Mezngi. Ingebrigtsen har bestilt fart ned mot 13:13 minutt. Hans nye personlege rekord er på 13:13.19.
– Spring vi under 13:11, blir vi nummer tre på Noregsstatistikken. Berre to nordmenn har sprunge fortare, seier 32-åringen.
For Myhre er under 13:11 også eit stort mål for torsdagens konkurranse.
– 13:07 er VM-kravet, så det er klart at ein har som mål å klare det. Det blir tøft, sjølvsagt, seier Myhre til Discovery.
I fjor vart han nummer 12 på distansen. Det meiner han er ein grunn til:
– Eg var for defensiv i fjor. Kanskje eg i år heller satsar på å opne litt for fort, så blir det heller litt tungt på slutten. Då får eg ein ordentleg sjekk på kva eg er god på.
picture

Magnus Tuv Myhre, Henrik Ingebrigtsen og Zerei Kbrom Mezngi er klare for 5000 meter på Bislett Games.

Foto: NTB

– Kan fjerne eit sekund på runda

Ingebrigtsen snakkar varmt om torsdagens Diamond League-stemne.
– Stadionet er fult, og det kjem tusenvis av folk som eg føler vi har i ryggen. Det gjer at ein vil yte det lille ekstra.
– Med eit utselt stadion kan ein jo nesten fjerne eit sekund på runda, seier mellomdistanseløparen.
Friidrettsstjerna hugsar sjølv då han var ung og såg på friidrett på Bislett. Han meiner stemnet er ein fin måte for yngre utøvarar å kome nærare draumen sin på.
– Då eg såg på stemnet, såg eg jo sjølvsagt folk som sprang fort, men på ein eller annan måte verka det også meir realistisk og oppnåeleg når du fekk sjå det i levande live. Du ser jo at dei som konkurrerer berre er folk dei og. Dei har jo til og med same sko som meg, fortel han.
– Eg håper jo at det kan bidra på å bygge miljøet.
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame