Populære sporter
All sport
Vis alt

Ambisjonar om ny norsk rekord: – Veit eg er god for det

Sofie Flølo Dyrstad

Publisert 14/06/2023 klokken 18:21 GMT+2

Karoline Bjerkeli Grøvdal tok ny norsk rekord på 5000 meter under fjorårets Bislett Games. Den suksessen vil ho gjerne gjenta når ho skal springe 3000 meter i år.

Karoline Bjerkeli Grøvdal har ambisjonar om ny norsk rekord på Bislett Games.

Foto: Eurosport

OSLO (Discovery):
– Den norske rekorden på 8:31 er eit naturleg mål.
Det seier Karoline Bjerkeli Grøvdal i forkant av Bislett Games torsdag. Der står ho på startstreken på 3000 meter.
Grøvdal sin personlege rekord på distansen er på 8:33.47. 32-åringen har tidligare sprunge på 8:30, utan at det har blitt godkjent, då ho hadde to mannlege harar.
– Eg føler difor at det er realistisk å springe på 8:30 no. No har eg hatt litt meir problem i forkant, men det forandrar ikkje ambisjonane uansett. Eg veit at eg er god for det.

Tok ny norsk rekord i fjor

Under fjorårets Bislett Games tok Grøvdal ny norsk rekord på 5000 meter.
– Fjoråret var ein fantastisk dag, og absolutt alt klaffa. Det å få ta norsk rekord på 5000 meter, som er min distanse, og på Bislett i tillegg: Det var heilt perfekt, seier Grøvdal.
Likevel legg ikkje Grøvdal skjul på at ho er glad for at ein ny distanse står på programmet i år.
– Eg er litt glad for at det ikkje blir 5000 meter i år, for det kan bli vanskeleg å toppe, og eg veit at eg kjem til å bli målt mot det.

Svolten på fleire rekordar

Mellomdistanseløparen har også den norske rekorden på ei engelsk mil og 3000 meter hinder, i tillegg til 5000 meter. Ho fortel at det er litt viktig for ho å ha namnet sitt på papiret på ein del rekordar.
– Det er eit mål å prøve på rekord på 10.000 meter og 1500 meter også. Sjølv om 1500 meter ikkje er min distanse, så synest eg det er kjekt å springe det.
– 10.000 er det neste som er innan rekkevidde i alle fall, men det er ein liten draum å ta alle, legg Grøvdal til.
Fått med deg denne?
picture

Warholm om VM: – Det kjem til å bli spennande

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame