Populære sporter
All sport
Vis alt

Vålerenga med ny signering: – Draumen min

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 25/02/2024 klokken 21:24 GMT+1

Vålerenga-trenar Geir Bakke har signert nok ein spelar etter nedrykket.

Geir Bakke.

Foto: NTB

Vålerenga har signert den nigerianske kantspelaren Obasi Onyebuchi.
Det bekreftar klubben på si heimeside.
18-åringen har signert ein avtale ut 2028.
– Det er dette som er draumen min, og eg er veldig glad for vere her. Eg kjem hit for å vinne, og for å ta det neste steget i karrieren min, seier Onyebuchi til klubben.
Ifølge klubben skal fleire klubbar ha vore interessert i kantspelaren.
Sportssjef Joacim Jonsson er fornøgd med å ha den nye spelaren på plass.
– Han er eit stort talent, men vi kan ikkje forvente at han skal kome hit og levere frå dag ein. Han kan sjølvsagt gjere det allereie i år, men det kan også ta både eitt og to år, seier Jonsson til klubben.

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame