Populære sporter
All sport
Vis alt

Tidlegare landslagskeeper legg opp: – Ikkje det eg eigentleg ville

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 28/11/2023 klokken 10:08 GMT+1

Det melder han sjølv på Instagram.

Rune Allmenning Jarstein.

Foto: NTB

Rune Almenning Jarstein legg opp som fotballspelar.
Det bekreftar han sjølv på Instagram.
– Dette var ikkje eit enkelt val å ta, og kanskje ikkje det eg eigentleg ville. Men etter to vanskelege år, trur eg at å legge opp er det rette å gjere, skriv Jarstein.

– Vil aldri gløyme

Keeperen har 72 landskampar for Noreg. Han fekk sin debut for landslaget i 2007, og etter det var han fast førsteval i ei årrekke.
39-åringen har også spelt for både Odd, Rosenborg, Viking og Hertha Berlin. Han hadde 179 kampar for den tyske klubben.
– Å ha privilegiet av å spele med og mot så mange fantastiske spelarar i stadionar som i Eliteserien, Bundesliga og med landslaget, var utanfor mine villaste draumar. Eg har mange gode minner eg aldri vil gløyme, held Jarstein fram.

Møtte klubben i retten

I fjor sa Hertha Berlin opp avtalen hans omtrent eitt år før den gjekk ut.
Nordmannen var blitt suspendert etter ein krangel med keepertrenaren, og klubben valte deretter å avslutte kontrakten. Jarstein meiner at han ikkje fekk noko rimeleg grunngjeving for det, og avviste at hendinga skjedde.
I september møtte partane kvarandre i ein rettssal i Berlin. Ifølge den tyske avisa Bild hadde Hertha ytra at dei ville ha den 39-årige keeperen tilbake i stallen.
For halvannan månad sidan bekrefta klubben at arbeidstvisten var løyst, og at dei blei einige om eit forlik. Nyheita kom få timar etter at Bild erfarte at Hertha Berlin hadde tilbydde Jarstein over 400.000 euro i erstatning. Det er nesten 5 millionar kronar.
Til Telemarksavisa fortel Jarstein at avgjerda om å legge opp er på grunn av at han har vore vekke frå fotballen i over eitt år, som følge av Hertha-bråket.
– Det har dessverre blitt slik. Det som skjedde i Hertha, er grunnen. Eg har vore for lenge ute etter det, og då er det vanskeleg å kome tilbake. Det er kanskje ikkje det eg ønska, men det er nok det rette å gjere, seier Jarstein til avisa.
Sett denne?
picture

Her går strømmen midt i kampen i kvalifiseringsfinalen til Allsvenskan

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame