Populære sporter
All sport
Vis alt

Skadetrøbbel for RBK – 16-åring blir drilla

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 26/04/2024 klokken 13:08 GMT+2

Tomas Nemcik er ute i fleire veker. Dermed må Rosenborg gjere grep før storkampen mot Bodø/Glimt.

Jayden Nelson, Santeri Väänänen og Tomas Nemcik i eliteseriekampen mellom Strømsgodset og Rosenborg.

Foto: NTB

Hald deg oppdatert på sport med Eurosport-appen. Last den ned i App Store og Google Play
13 minutt ut i andre omgang i cupkampen mellom Rosenborg og Ull/Kisa måtte Tomas Nemcik forlate bana medan han heldt seg bakpå låret.
Torsdag vart han undersøkt, og det viste at den den slovakiske forsvarsspelaren mistar kampen mot Glimt.
– Han er ikkje med. Han har ein liten hamstringskade, så vi får ikkje sett han dei neste vekene. Det er litt vanskeleg å seie nøyaktig kor lenge det vil ta, sa Rosenborg-trenar Alfred Johansson til TV 2.
Ein som derimot har vore på treningsfeltet dei to siste dagane, og som kan vere ein mogleg erstattar for Nemcik, er 16 år gamle Håkon Volden. Han blei drilla i ein potensiell startellevar torsdag, og var også på feltet fredag. Dermed kan Volden få eliteseriedebuten sin frå start laurdag.
Johansson meiner ungguten er klar til å steppe inn om det trengs.
– Elles hadde eg ikkje hatt han i ein matchtropp, om han ikkje kunne spelt i Eliteserien, sa Johansson til Nidaros.
Volden sa til avisa at han er klar.
– Eg er alltid klar, men eg håper Nemcik blir klar. Han er ein veldig viktig spelar, sa Volden etter kampen på Jessheim.
Klubben har også moglegheit til å hente tilbake Håkon Røsten frå Ranheim, ifølge Nidaros. Den nasjonale utlånsavtalen gjer at han kan kome tilbake til Lerkendal umiddelbart, ettersom dei to første vekene av utlånet er passert.
Rosenborg har vunne tre av dei fire første seriekampane.
Sett denne?
picture

Nordmannen må holdes tilbake etter rødt kort: – Det er så dumt


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame