Populære sporter
All sport
Vis alt

Opnar opp om den absurde situasjonen: – Kan berre halde henda oppe

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 25/04/2024 klokken 10:21 GMT+2

Janne Jönsson fekk marsjordre då han entra bana under kampen mellom Vålerenga og Stabæk.

Stabæk-trenar Janne Jönsson. Her under tida i Halmstad.

Foto: NTB

Hald deg oppdatert på sport med Eurosport-appen. Last den ned i App Store og Google Play
Under kampen mellom Vålerenga og Stabæk vart Stabæk-trenar Janne Jönsson utvist då han løp inn på bana og kolliderte med Karina Sævik.
I eit intervju med SVT opnar trenaren opp om hendinga.
– Det er ganske udramatisk og det blei større enn det var. Eg gjorde feilen og tok eit par skritt inn på bana og kolliderte med ein Vålerenga-spelar. Det blir møte på fredag, og det får eg ta konsekvensane av. Eg kan berre halde henda oppe og håpe at dei ikkje tar det for seriøst, seier Jönsson til den svenske avisa.
I etterkant prøvde han å gje fjerdedommaren ein klem.
– Eg snakka med ho ei stund før, og det var ein «unnskyld»-bevegelse. Eg måtte trekke armane inn, ettersom det er forbode med kroppskontakt. Det har eg vel lært ein stad ein gong. I iveren min gløymde eg begge dessa tinga, men det var sluttminutta og pulsen hadde godt opp, forklarar trenaren.
Vålerenga vann kampen 3-2.
Sett denne?
picture

Gav eigen spelar kraftsalve på direktesendt TV: – Kunne hatt lågare puls


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame