Populære sporter
All sport
Vis alt

Vålerenga berga poengdeling med ein mann mindre: – Heilt hovudmist

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 20/04/2024 klokken 23:16 GMT+2

Det var 15 år sidan Lyn og Vålerenga møtte kvarandre i seriesamanheng før laurdagens kamp framfor ein fullsett Ullevaal Stadion. Det vart dramatisk.

Fekk endeleg spele derbyet: – Stort

ULLEVAAL STADION (Discovery):
Lyn - Vålerenga 1-1 (1-1)
25 000 tilskodarar møtte opp på Ullevaal Stadion då det var duka for Oslo-derbyet mellom Lyn og Vålerenga.
Vålerenga gjekk opp i føringa, men like etterpå vart det heiltmørkt for gjestane då dei måtte klare seg med ein mann mindre etter at Mees Rijks fekk det raude kortet. Dermed vart det tungt for Vålerenga utover kampen.
Til slutt måtte laga nøye seg med poengdeling.
– 1-1 mot Vålerenga er eit bra resultat, men når dei får ein mann ut i førsteomgang skal ein sitte igjen med tre poeng, seier Lyn-spelar Tobias Myhre til Discovery.
Vålerenga-kaptein Christian Borchgrevink var noko meir usikker i svaret:
– Det er vanskeleg å setje fingeren på kva eg føler akkurat no. Når ein speler 60 minutt med ein mann mindre, så er ein fornøgd med eitt poeng. Samtidig vil ein så mykje meir. Alt i alt er det litt skuffande, men vi kjemper i alle fall bra, seier han til Discovery.

– Unødvendig

Etter 33 spelte minutt sette Vålerenga kveldens første scoring. Håkans hamna aleine med Lyn-keeper Alexander Pedersen, og finta seg forbi. Dermed kunne han enkelt plassere ballen i mål og sende Vålerenga opp i leiinga.
– Vi var bra med i kampen og tok leiinga, men diverre gjorde vi kampen litt vanskelegare for oss, sa målscorar Håkans til Discovery etter kampen.
Berre minuttar seinare snudde stemninga heilt i Vålerenga-leiren. Mees Rijks fekk sitt andre gule kort for kampen etter ei stygg takling på Tobias Myhre. Dermed fekk han marsjordre, og Vålerenga måtte klare seg med ti mann ut kampen.
picture

Mees Rijks blei vist det raude kortet.

Foto: NTB

– Det er nesten ikkje til å tru. Det er årets desidert dummaste takling, heilt nede ved cornerflagget. Kva skal ein vinne på å gjere det der? Det er heilt hovudmist, sa Jesper Mathisen, ekspertkommentator i TV 2.
Håkans er einig i at det er ein unødvendig takling.
– Det er ingen situasjon der som kan bli farleg, men samtidig kan det skje kven som helst. Vi er eit lag, så det skjer.
Lyn utnytta overtalet til det fullaste. Like før pause utlikna dei. Borchgrevink fekk ikkje klarert skikkeleg. Då stod Andreas Hellum klar, og sette ballen i mål på volley.
– Det var dritgøy, rett og slett. Eg har ikkje sett scoringa igjen, men det var sinnsjukt gøy. Det er ikkje akkurat kvardagskost å spele framfor 25.000 personar. Ei veldig spesiell ramme, sa Hellum til Discovery.

Nærast scoring

Andreomgang starta meir sjansefattig for begge lag.
Den største sjansen kom etter 73 minutt. Mathias Johansen avslutta på mål, og fekk Vålerenga-keeper Magnus Sjøeng ut i ein full strekk. Returen hamna i Hellum sine bein, men han skaut på sida av mål frå kort hold, og Vålerenga slapp med skrekken.
Vertane hadde ballen mest i slutten av kampen, men klarte ikkje å få det til å resultere i ei scoring. Dermed enda Oslo-derbyet 1-1.
– Då vi får den utvisinga blir det ein forsvarskamp. Eg synest gutane legg ned ein enorm innstas i kampen. Då dei utlikna visste vi at det var over ein omgang igjen med ein mann mindre. Då skal det mykje til for å vinne kampen, sjølv om vi prøvde, sa assistenttrenar Petter Myhre.
Sett denne?
picture

Her hylles «Svennis» foran et fullsatt Gamla Ullevi: – Vakkert


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame