Populære sporter
All sport
Vis alt

Norsk stortalent med ellevill kamp – scora hattrick på 13 minutt

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 22/04/2024 klokken 21:05 GMT+2

I det 56. speleminutt kom Andreas Schjelderup sitt første mål for kampen. Berre 13 minutt seinare hadde han scora tre.

Andreas Schjelderup i aksjon under UEFA Europa Conference League-kampen mellom FC Nordsjælland og Fenerbahce.

Foto: Getty Images

Hald deg oppdatert på sport med Eurosport-appen. Last den ned i App Store og Google Play
Andreas Schjelderup var sentral då Nordsjælland vann over Uwe Röslers AGF i den danske toppdivisjonen måndag kveld.
Første scoring kom etter 56 minutt då nordmannen kom seg fri utanfor 16-meteren og banka ballen i hjørnet. Nokre minutt seinare viste han igjen fram sine kjappe bein då han blei felt inne i AGF-boksen, og dommaren peika på straffemerket. 19-åringen tok straffa sjølv og scora.
I det 69. minutt dreiv han inn i feltet i stor fart og sette ballen mellom beina på AFG-keeper Bailey Peacock-Farrell. Med det fullførte han hattricket.
I tillegg hadde han også målgivande pasning på Nordsjælland sitt første mål.
19-åringen vart bytta ut i det 83. minutt.
Schjelderup blei seld til Benfica i fjor. I september returnerte han til Nordsjælland på lån.
Kampen var svært målrik. Nordsjælland vann til slutt 7-2.
(©NTB/Discovery)
Sett denne?
picture

Gav eigen spelar kraftsalve på direktesendt TV: – Kunne hatt lågare puls


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame