Populære sporter
All sport
Vis alt

Aviser: Dette blir Rosenborg sin nye trenar

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 14/12/2023 klokken 12:49 GMT+1

Ifølge fleire aviser er Rosenborg einig med den komande trenaren.

Alfred Johansson (t.v.) og tidligere FCK-trener Jess Thorup (t.h.)

Foto: Getty Images

Ifølge både VG og NRK har svenske Alfred Johansson takka ja til jobben som trenar i Rosenborg, og klubben skal vere einig med FC København om ein overgang.
Johansson trener i dag ungdomslaget til FCK.
RBK-styret har vore på besøk i Danmark for å snakke med trenaren. Det har Nidaros og Adresseavisen tidlegare omtalt.
– Eg har stor respekt for Rosenborg. Det er ein tradisjonsrik klubb, men det er dei som får snakke om kven som skal trene dei i framtida. Det er ikkje noko eg fokuserer på, sa Johansson til Nidaros tysdag.
Då Kjetil Rekdal fekk sparken i sommar, tok Svein Maalen over det midlertidige ansvaret.
Maalen har uttrykt eit ønske om å halde fram i trenarjobben. Klubben har bekrefta at Maalen sitt namn har stått på lista over aktuelle kandidatar.
– Det som talar for at eg skal få jobben er kanskje at eg er den mannen i Trøndelag som veit aller best akkurat korleis ein skal angripe den strategien vi no har lagt, og som passer veldig godt inn i den type rolle, sa Maalen til Discovery i november.
Sett denne?
picture

Keeperhelten: – Jeg vil takke Christian Michelsen

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame