Populære sporter
All sport
Vis alt

Måtte sy ti sting – no er straffa til eliteseriespelaren klar

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 30/04/2024 klokken 17:34 GMT+2

Bård Finne fekk raudt kort i kampen mot KFUM Oslo.

Bård Finne ble vist det røde kortet i bortekampen mot KFUM søndag.

Foto: NTB

Brann-spelar Bård Finne får to kampar karantene etter hendinga under kampen mellom Brann og KFUM Oslo søndag.
Det stadfestar Noregs fotballforbund i ei pressemelding.
– Ved avgjerda er det lagt vekt på at spelaren utset motstandaren for fare ved at han løftar beeiner og treff motstanderen i ansiktet med knottane. Spelaren må bere ansvaret for handlinga, sjølv om det verker klart at hendinga var eit uhell og at det på ingen måte var eit ofrsøk på å treffe eller skade motspelar, skriv NFF.
Leiar i disiplinærutvalet, Eirik Lindstrøm, fortel til VG at behandlinga av saka var grei.
– Dette opplevde vi som ein grei sak. Verken meir eller mindre enn to kampar, seier Lindstrøm til VG.
26 minuttar inn i kampen vart Finne vist det raude kortet.
Han fekk ballen innanfor sekstenmeteren til KFUM. Heimelaget sin sisteskanse, Emil Ødegaard, gjekk ut og kolliderte med Finne, som var først på ballen før knottane til spissen enda i ansiktet på målvakta.
Finne fekk først gult kort, men etter ein VAR-sjekk vart det endra til raudt.
Sett denne?
picture

Nordmannen må holdes tilbake etter rødt kort: – Det er så dumt


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame