Populære sporter
All sport
Vis alt

Marerittrekka held fram – Noreg snubla mot Frankrike

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 27/10/2023 klokken 23:49 GMT+2

Noreg fekk det tøft mot Frankrike i Nations League-kampen på heimebane, og klarte ikkje å snu den tunge statistikken mot «Les Bleues».

Revansjelysten etter nytt tap: – Den andreplassen skal vi ha

ULLEVAAL STADION (Discovery):
Noreg - Frankrike 1-2 (0-1).
Sist gong Noreg slo Frankrike var i 2003. Dei norske spelarane ville snu den tunge trenden fredag då dei tok i mot Frankrike på heimebane i Nations League, men heller ikkje denne gongen gjekk Noreg sigrande av bana.
– Det er forbanna irriterande sjølvsagt. Vi skulle gjerne hatt med oss tre poeng her i frå, så det er veldig kjipt, seier keeper Aurora Mikalsen til Discovery.

Norsk sjølvmål

Landslagssjef Leif Gunnar Smerud gjorde fleire endringar i startellevaren frå førre landslagskamp då Noreg møtte Portugal. Berre seks av dei som starta kampen mot Portugal, starta fredag mot Frankrike.
Svenske Mimmi Löfwenius var ein av dei som fekk tillit frå start, og fekk med det landslagsdebut. Maria Thorisdottir gjekk også rett inn i laget i landslagscomebacket. Ho har ikkje spelt landskamp sidan Noreg spelte 0-0 mot Frankrike i februar.
Det franske laget dominerte spelet mesteparten av første omgang, men Noreg lukka igjen forsvaret, og gav ikkje gjestane mange sjansar.
– Eg føler vi held Frankrike, som er eit veldig godt lag, frå å skape noko særleg. Sånn sett er det mykje å ta med seg frå prestasjonen i dag, seier Smerud.
Etter 23 spelte minutt sendte franske Julie Dufour ballen inn framfor det norske målet. Maren Mjelde forsøkte på å blokkere ballen med eine beinet, men styrte ballen i eige mål. Mikalsen fortel at situasjonen gjekk fort for ho, men Mjelde hadde eit heilt anna inntrykk.
– Eg følte det gjekk sakte. Eg er involvert i eit pissmål, som eg seier. Men slik er fotball. Eg veit med meg sjølv at det pleier ikkje skje for ofte, og det er ting ein kan gjere noko med heldigvis, seier Mjelde til Discovery.
Noreg vakna etter sjølvmålet. Dei hadde mykje meir ballkontakt enn tidlegare i omgangen, men klarte ikkje å lage nokre sjansar. Laga gjekk til pause med fransk leiing.

Nedst på tabellen

I det 60. speleminutt utlikna Noreg. Sophie Roman Haug vann ein hovudduell inne i 16-meteren til Frankrike. Franske Griedge Mbock Bathy forsøkte å heade ballen vekk, men klarte ikkje det. Marit Bratberg Lund var kjapp med å oppfatte det og fekk ballen i nettmaskene, som var hennar første landslagsmål.
– Det var veldig gøy. Det var ein veldig deilig følelse, og i ein så viktig kamp, seier Bratberg Lund til Discovery.
Kort tid etterpå fekk Frankrike eit hjørnespark. Ballen blei lagt perfekt inn for Wendie Renard, som scora kampens siste mål.
Noreg var nøydd til å vinne kampen mot Frankrike for å ha ein realistisk sjanse til å vere med i kampen om gruppesigeren, som er einaste veg til å få spele om ein OL-billett. Etter at Østerrike slo Portugal same kveld, ligg Noreg no nedst på tabellen i gruppa si.
– Vi har trua på at vi kan kapre andreplassen i gruppa vår. Eg har skikkelig trua på det laget her, seier Mikalsen.
Dei to nasjonane møter kvarandre på nytt i Reims tysdag.
Sett denne?
picture

Tung trend – dette meiner landslagssjefen må bli gjort

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame