Populære sporter
All sport
Vis alt

Hevdar Botheim kan forlate Italia – fleire klubbar interessert

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 28/01/2024 klokken 08:14 GMT+1

Eit nytt fotballkapittel kan vente Erik Botheim utanfor dei italienske landegrensene.

Erik Botheim.

Foto: Getty Images

Erik Botheim har ikkje fått mykje speletid i Salernitana denne sesongen. Han har berre vore på bana i sju seriekampar og tre cupkampar.
No hevdar italienske medium at angrepsspelaren kan vere på veg vekk frå Serie A-klubben.

Kan reise til Sverige

Allsvenskan-meistrane frå 2023-sesongen, Malmö, skal vere nærast å sikre seg 24-åringen, ifølge den italienske avisa Il Mattino. Overgangsjournalisten Gianluca Di Marzio hevdar at Botheim har fått tilbod frå fleire svenske klubbar.
Malmö legg ikkje skjul på at dei er ute etter ein spiss. Det melder Aftonbladet.
– Det er ein posisjon vi ser på. Eg såg mykje på Bodø/Glimt opp gjennom åra. Han (Botheim) hadde ein fantastisk sesong der i 2021, men han har hatt det tyngre no. Men det er ein bra spelar på ein posisjon som vi ser på, seier Malmö-trenar Henrik Rydstöm til den svenske avisa.
Il Mattino skriv at det er snakk om eit lån ut året, og at den tidlegare Glimt-spelaren kan forlate Salernitana i løpet av dei neste dagane.

Rekordsum

Botheim gjorde kometkarriere i Glimt i 2021, som gjorde at den russiske klubben FK Krasnodar ville hente Oslo-guten for ein stor sum. Overgangen utgjorde ifølge fleire medium ei totalpakke på 100 millionar kroner, som var ein norsk overgangsrekord.
I mai 2022 terminerte han kontrakten med den russiske klubben etter invasjonen av Ukraina. Botheim signerte deretter ein fireårskontrakt med den italienske klubben.
24-åringen har fleire kampar for aldersbestemt landslag.
Sett denne?
picture

Kåra til verdas beste fotballspelar – oppdaterte på skadesituasjonen

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame