• 2. omgang
  • Sogndal Fotball
  • Vålerenga
  • BerntsenDønnum
    89'
  • LekvenHorn Myhre
    89'
  • NwakaliSchulze
    87'
  • NäsbergFinne
    79'
  • Nwakali
    75'
  • Ramsland
    72'
  • Teniste
    70'
  • Grindheim
    68'
  • MandicBye
    65'
  • RindarøyGreenidge
    65'
  • Teniste
    61'
  • 1. omgang
  • Sogndal Fotball
  • Vålerenga
  • Birkelund
    41'
  • Näsberg
    27'
  • Johansen
    24'
  • Rindarøy
    5'
Før kamp

Direkte
Sogndal Fotball - Vålerenga
Eliteserien - 26 november 2017

Eliteserien – Follow the Fotball match between Sogndal Fotball and Vålerenga live with Eurosport. The match starts at 18:00 on 26 november 2017. Our live coverage lets you follow all the key moments as they happen.
Who will come out on top in the battle of the managers Eirik Bakke or Ronny Deila? Find out by following our live matchcast.

Have your say by voting on who will win between Sogndal Fotball and Vålerenga? Enjoy some pre-match reading with related articles about these two Enjoy some pre-match reading with related articles about these two Fotball teams.
Hold deg oppdatert med de siste nyhetene fra Fotball-sidene våre.

    
30
Highlights 
 
 Supprimer
 

For ein kamp vi fekk i Sogndal. Ikkje plass til å summere opp, men vi kan nemne dei seks minutta mellom det 70. og det 76. minutt då Sogndal gjekk frå 2-2 og nedrykksplass til 5-2 og dermed sikra seg kvalikk. Vi lova eit drama og det fekk vi verkeleg denne kalde vinterkvelden. Stig Anders Huge takkar for seg og ynskjer velkomen tilbake til Fosshaugane onsdag når Ranheim kjem på besøk.

 

Full tid i Aalesund som rykkjer ned med to mål dårlegare målskilnad enn Sogndal som skal ut i kvalikk mot Ranheim over to kampar. Den første allereie førstkommande onsdag.

 

Der er det over! Sogndal har sannsynlegvis sikrar seg kvalikk sjølv om Aalesund har gått opp i 4-3 no.

  • End of 2. omgang
 

90' 

3 minutt tillegg.

90' 

VIF trillar og Sogndal ligg på sektsenmeteren. Publikum hyllar sine heltar.

90' 

Sogndal på kontring og Bye kunne ha skutt på ein Kwarasey som var langt utafor målet sitt, men spissen ser ikkje opp. Sogndal rotar etter kvart bort ballen.

89' 

Transportetappe for Sogndal no.

90' 

VIF med ball og Sogndal slår til iceing kvar gong dei har ballen.

  • Felix Horn Myhre
    UtgåendeMagnus LekvenVålerenga
    I denne kampen*Corners2
  • Felix Horn Myhre
    InnkommendeFelix Horn MyhreVålerenga
88' 

87' 

VIF klarerar.

  • Eirik Schulze
    UtgåendeChidiebere Chijioke NwakaliSogndal Fotball
    I denne kampen*Goals1On target1Blocked Shots1*Fouls2
  • Eirik Schulze
    InnkommendeEirik SchulzeSogndal Fotball
87' 

84' 

Kort corner som Sogndal får klarert.

86' 

3585 nøgde tilskodarar tilstades på Haugadn i dag.

83' 

Klarert

84' 

Ny corner.

83' 

2-2 i Aalesund. Då skal det være over!

83' 

Lekven med eit godt skot som Dyngeland må gje til corner.

82' 

Innlegg eller avslutning frå Juklerød. Går iallefall gjennom heile feltet og ein halv meter til side for målet tul Dyngeland.

81' 

Hawaii-fotball her no.

  • Bård Finne
    UtgåendeIvan NäsbergVålerenga
    I denne kampenYellow Cards1*Fouls5Fouls against3Free Kicks1
  • Bård Finne
    InnkommendeBård FinneVålerenga
79' 

78' 

Sogndal vinn eit frispark på 30 meter. Billig.

78' 

Greenidge headar utafor

77' 

Dette er det villaste eg har vore med på som liverepporter nokon sinne!

  • Chidiebere Chijioke Nwakali
    GoalChidiebere Chijioke NwakaliSogndal FotballKva i alle dagar skjer på Fosshaugane??? Sogndal opp i 5-2. Nwakali med ei perle over muren og i tverra og ned. No kokar det her.
    I denne kampen*Goals1On target1Blocked Shots1*Fouls2
76' 

Kva i alle dagar skjer på Fosshaugane??? Sogndal opp i 5-2. Nwakali med ei perle over muren og i tverra og ned. No kokar det her.

75' 

Endar i frispark til Sogndal på 17 meter.

72' 

Wæhler opp i duell mot Johansen og vinn lett. Raggi dømmer frispark. Unnskyld Raggi, men dette må du tolerer på dette nivået eller har du ingenting å gjere her.

  • Martin Ramsland
    GoalMartin RamslandSogndal FotballDette er er heilt vilt. Bye snurrar rundt med Nation og får avslutta. Kwarasey med ei glimrande redning, men på returen er den utskjelte spissen Ramsland og headar ballen i mål. Haugadn kokar!
    I denne kampen*Goals1On target2Fouls against1Hit Post / Hit Bar1
72' 

Dette er er heilt vilt. Bye snurrar rundt med Nation og får avslutta. Kwarasey med ei glimrande redning, men på returen er den utskjelte spissen Ramsland og headar ballen i mål. Haugadn kokar!

  • Taijo Teniste
    GoalTaijo TenisteSogndal FotballDette blir berre sjukare og sjukare. Taijo Tenistte i sin siste kamp for Sogndal. Han har aldri scora for klubben, men når han får ballen på fem meter dunkar han den opp i nettaket. Sogndal er no på kvalikk på innbyrdes oppgjør!!!
    I denne kampen*Goals1On target1Yellow Cards1*Fouls1
70' 

Dette blir berre sjukare og sjukare. Taijo Tenistte i sin siste kamp for Sogndal. Han har aldri scora for klubben, men når han får ballen på fem meter dunkar han den opp i nettaket. Sogndal er no på kvalikk på innbyrdes oppgjør!!!

69' 

Klanen i ekstase over at Sogndal no ser ut til å rykke ned.

68' 

No blir det Grindheim.

  • Christian Grindheim
    GoalChristian GrindheimVålerengaOver muren og rett i kassa. Lekkert av kaptein Grindheim.
    I denne kampen*Goals1On target1Blocked Shots1Fouls against3
68' 

Over muren og rett i kassa. Lekkert av kaptein Grindheim.

67' 

I tverrra frå Ramsland! Spissen vippar bballen over Kwarasey, men dessverre for Sogndal i treverket.

68' 

Ejuke sklir gjennom Sogndalforsvaret og dett. Frispark på 17 meter.

65' 

Bakke med dobbletbytte.

  • Bendik Bye
    UtgåendeStaniša MandicSogndal Fotball
    I denne kampenOn target2Blocked Shots1
  • Bendik Bye
    InnkommendeBendik ByeSogndal Fotball
65' 

64' 

Rindarøy tilbake på bana.

  • Reiss Greenidge
    UtgåendeOle Martin RindarøySogndal Fotball
    I denne kampen*Goals1On target1*Corners2
  • Reiss Greenidge
    InnkommendeReiss GreenidgeSogndal Fotball
65' 

64' 

Spelet i gang igjen og ballen blir løfta inn i feltet. VIF skrik på straffe, men eg må innrømme at eg ikkje fekk med meg situasjonen.

62' 

Rindarøy har tatt telling.

63' 

Folk rundt på tribuna sjekkar hyppig liven og eg kan sjå at det står Aafk-Godset øverst på skjermen.

61' 

Frisparket frå Grindheim er himmelhøgt og Dyngeland plukkar det lett ned.

59' 

Nwakali får tilsnakk og VIF med frispark skrått ca 30 meter frå Dyngeland sitt mål.

59' 

Variant frå VIF som ender med innlegg frå Berntsen, men Sogndal får klarert.

  • Taijo Teniste
    Yellow cardTaijo TenisteSogndal FotballHindrar ein overgang.
    I denne kampenYellow Cards1*Fouls1
60' 

Hindrar ein overgang.

57' 

Då må Sogndal løfte seg for no treng dei eitt mål.

56' 

2-1 til Aalesund! Dette er sjukt spanande.

56' 

Litt same spor som i førsteomgang her no. VIF styer mykje og har ball og Sogndal satsar på kontringar. Derimot har Sogndal langt ifrå vist seg like gifitge som i den første og då får VIF trykkje ekstra mykje på.

50' 

Nwakali klarerar ballen over tribunetaket til stor jubel. Sogndalpublikummet likar ikkje at nokon tek sjansar akkurat no.

52' 

Sogndal på ein visitt i VIF sin sekstenmeter. Birkelund har fått blod på tann, men avslutninga no går utafor.

52' 

Så er det VIF som dunkar ballen inn i boksen, men Rindarøy får klarert.

46' 

Innlegg frå høgre som Kwarasey held enkelt.

48' 

Toppscoraren, årets spelar i OBOS-ligaen og kaupingen Kristian Fardal Opseth på plasss på Fosshaugane. Hjartet ligg nok i gult og svart no, men den lokale storscoraren håpar nok på å spele ein Eliteriekamp på Fosshaugane til neste år.

48' 

I gang i Aalesund 1 minutt og 20 sekund etter oss her i Sogndal.

46' 

Der er vi i gang og framleis er det ikkje start i Aalesund. Heilt klart at dette gir sunnmøringane ein fordel.

 

Vålerenga på bana. Bakke held disiplane sine litt lenger.

  • 2. omgang
 

  • End of 1. omgang
 

 

Pause i Sogndal og for eit drama vi har fått. VIF styrer spelet, men Sogndal har scora to viktige mål mot bortelaget eine. Blir spanande å fylge utviklinga i Aalesund for det vil heilt klart prege korleis denne kampen utartar seg også. Vi er tilbake omeit kvarter med dei siste 45 iskalde og spanande minutta av årets Eliteserie.

45' 

Fin sjanse igjen for Sogndal på ein overgang. VInn ein corner.

45' 

Endar i ovegang der Wæhler klipper ned Ejuke. Raggi bles til pause.

44' 

Litt mot spelets gang dette. VIF som har styrt kampen, mens Sogndal har vore farlige på kontringar.

40' 

Sogndal framleis under streken, men all hjelp frå Godset vert nok tatt imot med takk for eit sogndalslag som slit mot god VIF.

  • Eirik Birkelund
    GoalEirik BirkelundSogndal FotballOjojojoj! Eg har sagt det før og seier det igjen. For eit drama! Akkurat då Aalesund mistar leiinga si set Eirik Birkelund inn sitt første mål i Eliteserien. Koomson dreg seg fri på kant og eg meiner at han kanskje skal ha eit frispark mot seg for ein dytt på Näsberg, men Raggi lar spelet gå. Legg ut til Birkelund som set ballen til side for Kwarasey.
    I denne kampen*Goals1On target1*Fouls1Wide1
41' 

Ojojojoj! Eg har sagt det før og seier det igjen. For eit drama! Akkurat då Aalesund mistar leiinga si set Eirik Birkelund inn sitt første mål i Eliteserien. Koomson dreg seg fri på kant og eg meiner at han kanskje skal ha eit frispark mot seg for ein dytt på Näsberg, men Raggi lar spelet gå. Legg ut til Birkelund som set ballen til side for Kwarasey.

37' 

Endar i spel og nytt innlegg inn i boksen. Hovland blir soleklart holdt, men held sikkert like mykje sjølv og dommar Raggi bles frispark til VIF for høgt spark frå Sogndal sin midtstoggar.

39' 

Godset har redusert!

36' 

God sjanse for Sogndal. LAng ball opp på Ramsland som flikkar gjennom Mandic. Han skyt via keeper til corner.

37' 

Endar i ny corner.

34' 

Ejuke med frisparket som går over alle og ut til femmeter.

28' 

Sogndal rykker ned jomar det frå Klanen som imponernade har samla ein 60-70 mann til denne kampen. Fleire der som sikkert hugsar ein regntung haustkveld på Ullevåll i 2000 då sogningane sendte Oslos stolthet ned i 1.divisjon og som ynskjer å sjå det motsatte scenarioet på Fosshaugane i kveld.

33' 

VIF spelar og spelar, men det blir svært lite ut av det. Vinn eit frispark på 30 meter etter at Hovland vert for ivrig.

26' 

Det held framleis med berre eitt mål for Sogndal for å vippe Aalesund ned på på nedrykk.

  • Ivan Näsberg
    Yellow cardIvan NäsbergVålerengaFor tøff i ryggen på Koomson.
    I denne kampenYellow Cards1*Fouls3
27' 

For tøff i ryggen på Koomson.

  • Henrik Kjelsrud Johansen
    GoalHenrik Kjelsrud JohansenVålerengaVIF bygger fint opp på høgrekanten og inne i boksen har Johansen løpt seg fri. Innlegget til Lundström er perfekt og spissen har berre å breiside ballen i mål.
    I denne kampen*Goals1On target1Fouls against1Wide2
24' 

VIF bygger fint opp på høgrekanten og inne i boksen har Johansen løpt seg fri. Innlegget til Lundström er perfekt og spissen har berre å breiside ballen i mål.

20' 

Ligg svært låg Sogndal og VIF får trilla ball 15-20 meter inne på sogningane sin halvdel.

21' 

Ejuke dreg vekk Birkelund ute på kanten, men Hovland er inne og får klarert til kast.

22' 

Det skal seiast at Sogndal av og til kjem på nokon veldig gode kontringar. Raskt i lengderetninga noko som utfordrar VIF sine stopparar.

17' 

Wæhler i ryggen på Juklerød og Saggi bles frispark. Billig og mannen i svart er ikkje populær på Haugadn no.

18' 

Ny fin sjanse for Vålerenga. Frisparket vert slått inn i feltet og det ser ut som det er Grindheimm som får god tid til å sikte frå 13 meter, men skotet går ein halv meter over.

15' 

Fantastisk redning av Dyngeland. Rindarøy blir felt midt på bana, men Saggi overser eit soleklart frispark og VIF kontrar. Ballen finn tilslutt Ejuke inne i boksen som enkelt vender bort Hovland og avsluttar frå tolv meter, men Sogndal sin keeper er kjapt nede og slå ballen ut i trygg sone.

16' 

Innmlegg inn i feltet til VIF og der er Wæhler og avsluttar like utafor.

12' 

Og der har Aalesund scora! Då treng Sogndal eitt mål til!

11' 

VIF styrer det meste utpå her no. Sogndal ligg svært lågt.

9' 

Vålerenga frampå, men vert kontant stoppa av sin gamle ringrev Wæhler.

9' 

Frispark til VIF på 25 meter. Grindheim står klar.

10' 

Nei det blir Berntsen. Rett i klypene til Dyngeland.

9' 

Sogndal på kontring og Ramsland har fleire alternativ, men vel å gå sjølv. Blir enkelt stoppa av Nation. Veldig krampaktig det Ramsland prøver på offansivt. Heilt klart ein spelar utan sjølvtillit.

8' 

VIF trillar ball og Sogndal har sjølvsagt lagt seg svært lågt etter scoringa.

  • Ole Martin Rindarøy
    GoalOle Martin RindarøySogndal FotballDramaet er i gang! Koomson gjer en god jobb ute på kanten. Innlegget hans i feltet får Mandic heada på mål. Kwarasay må gje retur og der er Rindarøy på plass og set ballen i mål. Då er Sogndal på kvalikk og Aalesund under streken.
    I denne kampen*Goals1On target1
5' 

Dramaet er i gang! Koomson gjer en god jobb ute på kanten. Innlegget hans i feltet får Mandic heada på mål. Kwarasay må gje retur og der er Rindarøy på plass og set ballen i mål. Då er Sogndal på kvalikk og Aalesund under streken.

3' 

Over alle og ut til femmeter.

3' 

Innlegg frå Bertnsen, men Dyngeland fangar ballen.

3' 

Frispark til Sogndal ti meter inn på Enga sin halvdel.

1' 

Vålerenga med avspark. Lang ball opp frå Nation.

1' 

Sogndal klarere, men Vålerenga vinn tilbake ballen og held fram med posessionspel på eigen halvdel.

 

Laga på veg inn på bana og vi er straks klar for eit nedrykksdrama av dei sjeldne frå Fosshaugane Campus.

  • 1. omgang
 

 

Publikum strøymer til stadion, og dei frammøtte til no er godt kledde for vinter. Hue, vottar og skjerf er på plass. Her blir det neglebiting i over 90 minutt!

 

Martin Ramsland, Sogndal sin spiss, scora sist 9.juli, men får framleis tillit frå trenar Eirik Bakke.

 

Det har snødd og regna om ein annan i Sogndal den siste veka og det har til tider vært meir brøytemannskap på bana enn fotballspelarar. Spørs difor om Sogndal har hatt dei beste forholda for å førebu seg til denne viktige kampen. No er det gode speleforhald, men temperaturen sig ned mot null grader så for dei som orkar reise på kamp i slutten av november så blir det ei kald oppleving.

 

Alt dette får du svar på når vi er tilbake med laga ca. ein time før kampstart på Fosshaugane.

 

Sogndal i elendig form med 0-2-4 på dei seks siste, men Enga har vist seg betre med 4-0-2 og sist vart det ein enkel 2-0 siger mot Odd. Derimot er berre ein bortesiger på siste åtte forsøk ikkje særleg imponerande av oslogutta. Sogndal fekk med seg eit livsviktig poeng i Bærum sist, men for å finne siste heimesiger må vi tilbake til 20.august for å finne.

 

Det skal og leggast til at om laga hamnar på same målskilnad så vil innbyrdes oppgjør gjelde og då blir det Aalesund som går ned og Sogndal som får kvalikk.

 

Vålerenga manglar Moa, Fredheim Holm med skade og Godset-klare Stengel er ute med suspensjon, og har difor spelt sin siste kamp for klubben. Sogndal har framleis langtidsskada Sveen, Psyche og Kjemhus ute. I tillegg var vanlege kjente fjes som Nwakali, Koomson og Greenidge ute i siste kamp så det blir spanande om Bakke finn plass til desse på laget i skjebnekampen.

 

Heimelaget, som ligg på nedrykksplass med færre scora mål enn Aalesund, møter eit Vålerenga som eigentleg berre har æra å spele for. Det skal derimot seiast at VIF, som ligg på 6.plass no, kan ramle langt nedover tabellen utan siger i kveld. Berre to poeng skil bortelaget og Tromsø som ligg på 11.plass. Det kan være snakk om fleire millionar i premiepengar. Heilt klart pengar som Ronny Deila kan tenkje seg for å forsterke stallen i vinter.

 

Dramatikken i botnstriden går som tidlegare sagt på at Sogndal og Aalesund har same poengsum og same målskilnad, men Aalesund har scora 28 og Sogndal 27. Med andre ord så vert dette jamt og sannsynlegvis stor spaning til siste spark på ballen. Det blir og interessant å sjå om NFF har kontakt mellom arenaene. Etter å ha hørt podcast med Steffen Iversen og det same målskilnaddramaet om seriemesterskapet i 2004, så kan ein jo skjønne viss både Fredriksen og Bakke vel å drøye til i pausen ala Rekdal for å kunne spele på resultat i sluttminuttane. Vi får sjå kva som skjer!

 

Hei og velkomne til den siste runden i årets Eliteserie og for eit drama vi kan få denne kvelden her på Fosshaugane Campus!