Andreas Schjelderup returnerer til Benfica – landslagssjefene trur han kan lykkast

Eurosport på Google

Andreas Schjelderup blei tatt ut på A-landslaget for første gong etter det han har fått til i Nordsjælland. No skal han returnere til Benfica, der det vart lite speletid sist.

Debutanten si utvikling har imponert landslagssjefen: – Verkeleg tatt steg

Video credit: Eurosport

  • OL i Paris ser du på strøymetjenesta Max!
ULLEVAAL STADION (Discovery):
Andreas Schjelderup blei henta av Benfica frå Nordsjælland i januar 2023. Etter manglande speletid ønska 19-åringen seg bort frå den portugisiske klubben, og dermed blei det eit låneopphald i gamleklubben.
Etter å ha glitra i Nordsjælland, som vart lønna med ein landslagsplass i Ståle Solbakken sin tropp, skal Bodøværingen no returnere til Benfica.
Jan Peder Jalland, landslagssjef på U21-landslaget, trur det er ein betre versjon av Schjelderup som kjem tilbake.
– Eg trur det kjem ein versjon som er enno betre fysisk og enno meir mentalt moden. No må han ta opp hansken og kjempe seg til moglegheitene, og vise at han fortener å spele. Det har han kvalitet til, seier Jalland til Discovery.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
picture

Har tatt ut to debutantar – vil ikkje love speletid

Video credit: Eurosport

– Ein «boost»

Også Ståle Solbakken trur landslagsdebutanten har heva seg eit hakk frå sist han var i Benfica.
– Han er nok ein betre spelar no en førre gong han drog ned dit. Eg veit ikkje kva plana Benfica har for han, som det blir veldig spennande å sjå for meg også, seier Solbakken til Discovery.
Han trur landslagsplassen kan spele inn på returen.
– Dette kan vere ein «boost» når han no skal tilbake til Benfica. Det kan bli tøft nok, det, sa landslagssjefen på pressekonferansen onsdag.

Tatt steg

19-åringen står med åtte kampar på U21-nivå, og er ein spelar Jalland har følgd lenge. Han er glad for at Schjelderup no har tatt steget opp til A-landslaget.
– No er det Schjelderup som vi kjenner og har sett. Det er veldig mange tima eigentrening i ung alder og veldig mykje hardt arbeid som ligg bak dette uttaket.
Ifølge U21-sjefen har midtbanespelaren spesielt tatt steg etter returen til Nordsjælland.
– Han hadde ein haust som var litt krevjande. Nordsjælland spelte Europa Cup, og hadde tre kampar i veka. No har han sakte men sikkert verkeleg tatt steg og vist kva han kan. Han har også utvikla heilskapen i spelet sitt.
Noreg skal slepe to privatlandskampar mot Kosovo heime 6. juni og Danmark borte 8. juni.
Sett denne?
picture

Tidlegare U21-spelar tilbake: – Fortjente det verkeleg no

Video credit: Eurosport


Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame