Blei kalla inn på landslaget – må avlyse ferietur
Publisert 22/05/2024 klokken 16:48 GMT+2
Då Ståle Solbakken presenterte troppen til privatlandskampane mot Kosovo og Danmark laga han plass til Glimt-spelar Jostein Gundersen.
Har tatt ut to debutantar – vil ikkje love speletid
Video credit: Eurosport
- OL i Paris ser du på strøymetjenesta Max!
ULLEVAAL STADION (Discovery):
Jostein Gundersen blei onsdag tatt ut til sin aller første A-landslagstropp.
– Det var stort og ei overrasking. Eg er veldig stolt, seier Glimt-spelaren i ein video publisert av klubben.
Beskjeden fekk Glimt-spelaren frå lagkamerat Ulrik Saltnes, som ropte det ut medan spelarane var på treningssenteret. Ifølge Gundersen hadde laget snakka om at det kunne vere ein moglegheit for at stopparen fekk plass i landslagstroppen, men hovudpersonen sjølv ville ikkje tenke på det.
– Eg har prøvd å ha så lite fokus på det som mogleg. Eg har hatt nok å gjere her i Glimt, men samtidig har eg vore klar over at gode prestasjonar i Glimt kan opne nye moglegheitar.
28-åringen hadde eigentleg andre planar den veka Noreg sitt landslag skal samlast.
– Eg hadde bestilt ferie til Nice, så det må eg berre avlyse. Det er ein del pengar i søpla. Om nokon vil ha nokre flybillettar til Nice, så er det berre å seie frå, seier Gundersen.
Landslagssjefen til stades
Ståle Solbakken var sjølv til stades og såg Gundersen i aksjon då Bodø/Glimt gjekk på sesongens første tap mot HamKam måndag.
– Han fekk ikkje testa seg så mykje den kampen. Dei dominerte stort, så han blei ikkje sett på dei store prøvene. Det var ein vanskeleg kamp for han å vise seg fram i, seier Solbakken til Discovery.
Likevel fekk Gundersen innpass i landslagstroppen etter sesongen han har levert i Glimt så langt i år.
– Vi har lyst til at Jostein skal kome inn og kjenne litt på miljøet, og at vi blir kjent med han. Han er ein speler som har sin store styrke i det som skjer inne i boksen. Han er trygg pasningsspelar, men har meir utfordringar med det som skjer raskt rundt beina hans, grunngav Solbakken under landslagsuttaket.
Fått med deg denne? Saka held fram under videoen.
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/05/22/3973424-80644188-2560-1440.jpg)
Tidlegare U21-spelar tilbake: – Fortjente det verkeleg no
Video credit: Eurosport
Ledig plass
Det har vore mykje stopparprat rundt landslaget den siste tida. Etter at Stefan Strandberg vart tvungen til å legge opp grunna ein livstrugande blodpropp i beinet, har det opna seg ein plass i forsvarsrekkja.
Strandberg var også Solbakken sin forsvarssjef dei siste åra.
– Ser du for deg at Gundersen er ein som på sikt kan bli ein ny leiar i det norske forsvaret?
– No får han sjansen til å kome inn første gongen, så får vi tar det derifrå.
Får skryt frå lagkameratar
Lagkameratane til Gundersen er fulle av lovord om 28-åringen. Stopparkollega Brede Moe meiner uttaket er fortent.
– Han har vore botnsolid sidan han kom til oss. Det har han vore frå Ajax-kampen til kampane i Eliteserien. Sett slik stopparsituasjonen er for landslaget, så er det ikkje overraskande at Gundersen får sjansen, seier Moe til Avisa Nordland.
Det same meiner Bjørkan:
– Det er utruleg fortent og utruleg gøy. Eg føler han har ein utruleg «punch» i spelet sitt. Dette blir heilt topp, seier Bjørkan til lokalavisa.
Sett denne?
/origin-imgresizer.eurosport.com/2024/05/14/3968079-80556288-2560-1440.jpg)
Tidenes bom
Video credit: Eurosport
Relatert
Reklame
Reklame