Populære sporter
All sport
Vis alt

Set punktum for karrieren laurdag: – Har oppnådd så mange draumar

Oppdatert 22/03/2024 klokken 22:01 GMT+1

Laurdag seier Ragnhild Mowinckel farvel til livet som profesjonell alpinist. Det gjer ho med mange merittar og minner i bagasjen.

Opnar opp om valet: – No er eg mett

  • Sjå det siste rennet til Ragnhild Mowinckel på discovery+ laurdag frå 11:00
I slutten av februar annonserte Ragnhild Mowinckel at ho legg opp. Laurdag køyrer ho sitt siste renn i karrieren.
– Det har vore ei berg- og dalbane av kjensler. No føler eg meg mett på dette livet. Eg har oppnådd så mange av draumane mine og har hatt ei god karriere, seier Mowinckel til Discovery.
31-åringen står med fire verdscupsigrar i karrieren. Den siste verdscupsigeren kom under utfor i Cortina i januar. Allereie då visste ho at dette ville bli hennar siste sesong.
– Eg ville ikkje gjere dette om eg ikkje klarte å snu sesongen. Det var ein tøff start på sesongen, men allereie før Cortina følte eg at eg fekk følelsen og sjølvtilliten tilbake. Då visste eg at dette kom til å gå bra, og kjente at det kom til å bli den siste sesongen min.
Discoverys alpintekspert Tom Stiansen synest det er trist at Mowinckel gir seg.
– Det er klart det er leit. Det er ein veldig stor idrettsutøvar og ein fantastisk person som legg opp. Samtidig er det eit liv etter idretten og, så ein må ta vare på kroppen. Ho kjenner nok litt på det.
Sett denne? Saken fortsetter under videoen.
picture

Her køyrer Mowinckel inn til sitt siste verdscuprenn i storslalåm: – Takk for alt

– Veit ikkje kva eit normalt liv er

Kva som ventar Mowinckel på den andre sida, er ho ikkje sikker på.
– Eg veit ikkje kva eit normalt liv er. Det skal eg finne ut av no. Det kjem heilt sikkert til å bli vanskeleg nokre gonger, men samtidig er eg på eit punkt der eg finn det spennande og motiverande å gjere noko anna. Eg kunne heldt på lengre, men eg føler at eg har hatt det livet no. No vil eg prøve noko nytt.
Ho avviser derimot at ho kjem til å satse på ein annan idrett:
– Eg kjem ikkje til å bli snowboarder! seier Mowinckel og ler.
– Men eg kjem heller ikkje til å liggje på sofaen. Som idrettsutøvar må ein passe litt på kva ein gjer utanfor sporten på grunn av skaderisikoen. No tenker eg at eg skal gjere alle aktivitetane eg ikkje kunne gjere som aktiv.
picture

Ragnhild Mowinckel står med to VM-medaljar.

Foto: Getty Images

Sjølv om moldensaren ikkje lengre kjem til å vere ein alpinist, er det mykje ho vil ta med seg vidare frå sporten.
– Noko eg føler vi har gjort veldig bra i Noreg er lagbygging. Eg har vore veldig avhengig av lagkameratar, trenarane og støtteapparatet. Det er noko vi har jobba hardt for, og noko eg har fått igjen for. Eg vil ta med meg alt eg har lært frå det, seier Mowinckel.

Har bygd laget

Etter at Mowinckel fekk sitt internasjonale gjennombrot i junior-VM i 2012, brukte ho tid på å byggje seg opp og få sjølvtillit inn mot verdscupen. Overgangen var vanskeleg for ho, og det ville ho ikkje at nokon andre skulle oppleve etter ho.
– Då Kasja (Vickhoff Lie) kom inn på laget ville eg ikkje at ho skulle ha same inngang til ting som eg hadde. Eg ville lære ho alt eg kunne, og det hjelpte meg til å prestere betre også.
picture

Ragnhild Mowinckel og Kajsa Vickhoff Lie.

Foto: Getty Images

At Mowinckel har vidareført erfaringar og kunnskap ser Stiansen tydeleg.
– Ragnhild har vore ei veldig viktig brikke i å utvikle det fartslaget til kva det er i dag. Ho har vidareført mykje av den personen ho er i det vesle fartslaget som Kajsa er ein del av. Kasja viste etter den tøffe skaden at ho har mange av dei same eigenskapane.
Sjølv om Stiansen meiner landslaget mister mykje erfaring når Mowinckel legg skia på hylla, er han ikkje bekymra for framtida.
– Takka vere Ragnhild er mykje av det ho stod for vidareført i laget og kulturen. Eg synest det ser lovande ut. Mina Fürst Holtmann og Thea Louise Stjernesund, som kom på pallen i storslalåm og slalåm nyleg, viste at dei har litt tenner på teknikklaget dei også.

Mestvinnande

I tillegg til verdscupsigrane avsluttar Mowinckel karrieren med to OL-sølv og to VM-medaljar. Merittlista gjer ho til den mestvinnande kvinnelege alpinisten i Noreg gjennom tidene.
Det er likevel ikkje merittlista til Mowinckel som imponerer Stiansen mest.
– Ho har kome tilbake etter to korsbandskadar som kom så tett på kvarandre. Når du ser på det i samanheng med at ho har blitt den beste norske kvinnelege alpinisten, så seier det ein del om det mentale og det menneskelege som ligg bak.
picture

Ragnhild Mowinckel under OL i PyeongChang.

Foto: Getty Images

Laurdag skal Mowinckel i aksjon for aller siste gong. Utfor i Saalbach er det siste på programmet for alpinisten.
– Det hadde vore gøy om Ragnhild fekk ein pallplass i det siste rennet. Det hadde vore endå kulare om ho vann. Vi får sjå, seier Stiansen.
Mowinckel sitt siste renn kan du sjå på discovery+ laurdag frå 11:00.
Fått med deg denne?
picture

Emosjonell Mowinckel: – Viktig å seie hade til sporten

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame