Populære sporter
All sport
Vis alt

Bestekompisen trur ikkje døra er lukka for Braathen-comeback: – Får sjå

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 19/01/2024 klokken 09:27 GMT+1

Alpinistane Atle Lie McGrath og Lucas Braathen har vore bestekompisar og konkurrentar i ei årrekke. McGrath håpar Braathen bestemmer seg for å gjere comeback.

Meiner dynamikken har endra seg etter Braathen-exit: – Det er litt bra

  • Sjå verdscupen i Kitzbühel på discovery+og Eurosport Norge frå fredag til laurdag. Fredagens utfor sendes frå kl. 11.15.
27. oktober kom sjokkbeskjeden: Lucas Braathen la opp som alpinist berre 23 år gamal.
Atle Lie McGrath har vore Braathen sin bestevenn og konkurrent i alpinsporten i mange år, og legg ikkje skjul på at kvardagen har vore spesiell sidan kompisen tok valet.
– Det har vore annleis i år, seier McGrath til Discovery.
Braathen tok ein prat med McGrath to veker før han annonserte karriereslutten. 23-åringen fortalte då at han tenkte på å legge opp, men ikkje at han kom til å gjere det.
– Han ringte meg to dagar før. Eg var ganske sjokkert. Eg er glad eg ikkje var i Sölden den dagen, for eg trur det ville vore veldig tøft.
Her fortel Lucas Braathen sjokkbeskjeden. Saka held fram under videoen.
picture

Her deler han sjokkbeskjeden: – Jeg legger opp

Endra dynamikk

McGrath legg ikkje skjul på at det er trist at bestekompisen landa på det valet, men trekk likevel fram noko positivt:
– Dynamikken i laget har endra seg. Det er litt rolegare no, som er litt bra, seier alpinisten med eit smil.
Dei to Bærum-alpinistane pleidde å dele rom, og var som regel oppå kvarandre kvar time av døgnet over lengre tid.
– Å bu med Lucas 24/7 i tre veker i strekk kan vere for mykje nokre gonger. Eg trur alle vil seie at han kan vere litt mykje.
Alpinistane trena i lag og konkurrerte i lag, men det er ikkje der det største saknet ligg for McGrath.
– Sjølv om eg saknar han der og, så saknar eg han mest utanfor sporten. Han er veldig god på å gjere gøye ting som gjer han glad utanfor ski, og eg blei med på mykje av det. Det er kanskje den største delen som har vore vekke i år.

Trur ikkje døra er lukka for comeback

Braathen har tidlegare uttrykt at eit comeback i framtida ikkje kjennast så realistisk no. McGrath trur likevel ikkje at døra er heilt lukka.
– Akkurat no gjer han si greie, men om han er tilbake om eitt år, to år, eller om han aldri kjem tilbake ... Vi får sjå. Eg kjem til å støtte han uansett kva, seier lagkameraten.
Etter at Braathen fortalde verda at han la opp, kom fleire med ønsker om at han skulle gjere comeback for andre land. Den tidlegare tyske alpinisten Felix Neureuther kommenterte at han gjerne kunne gifte seg med Braathen, slik at han kunne konkurrere for Tyskland.
  • Verdscupen i Kitzbühel kan du sjå på discovery+ og Eurosport Norge frå fredag til søndag.
Braathen er også halvt brasiliansk, og kunne difor konkurrert for Brasil. Slik håper ikkje McGrath at det blir.
– For min eigen del håper eg verkeleg at han konkurrerer for Noreg om han kjem tilbake. Vi kjem ikkje til å kunne trene i lag og gjere dei tinga som vi alltid gjorde om han står på ski for ein annan nasjon, seier McGrath og held fram:
– Når den tida kjem får vi sjå. Eg trur han er veldig fornøgd med situasjonen sin no, og at han har det bra.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Såg lagkameraten falle stygt: – Forferdeleg

– Vanlegvis ikkje eit godt teikn

Sjølv om McGrath mista ein av sine bestevennar på teknikklandslaget, har han det framleis veldig bra med laget som er no.
– Vi er ein vennegjeng som gjer alt saman. Då vi hadde nokre dagar fri etter Adelboden drog vi på eit spahotell. Vi gjer slike ting i lag, som gjer det veldig spesielt. Det er på ein måte min andre familie.
Ettersom dei er så tette som ei gruppe, synest alpinisten at det er kjekt at laget presterer så bra denne sesongen.
– I førsesongen køyrde vi alle veldig jamt. Vanlegvis er ikkje det eit godt teikn at alle køyrer på likt nivå, for då tenker ein at ingen av oss køyrer fort. Då vi kom til det første rennet for sesongen var vi alle raske som eit lag. Det er veldig gøy, seier McGrath.
Til helga skal McGrath og resten av alpinteliten i aksjon i den famøse bakken i Kitzbühel. Der står utfor på programmet fredag og laurdag, medan utøvarane skal konkurrere i slalåm på søndag.
McGrath deltek ikkje i utfor, men skal køyra slalåma på søndag.
Verdscupen i Kitzbühel kan du sjå på discovery+ og Eurosport Norge frå fredag til søndag.
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame