Populære sporter
All sport
Vis alt

Haugan tok sin første verdscupsiger – stoppa marerittrekke

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 17/03/2024 klokken 15:08 GMT+1

Timon Haugan tok den første norske verdscupsiger for sesongen.

Timon Haugan tok sin første siger i karrieren: – Redda Noreg si ære!

  • Følg storslalåm for kvinner frå 11:45 på discovery+
Timon Haugan gjekk heilt til topps i slalåmrennet i Saalbach søndag. Han var 40 hundredelar framfor heimefavoritten Manuel Feller.
– Det er vanskeleg å beskrive dette. Det er noko ein jobbar så hardt for, og når ein endeleg får det til, då er det så mykje press og vekt som løftar seg frå skuldrane, seier Haugan til Discovery.
Sjå intervju med Timon Haugan her:
picture

Tok karrierens første verdscupsiger: – Mykje press løfta av skuldran

– Redda Noreg si ære

Dei norske herrane hadde ikkje vunne eit verdscuprenn denne sesongen før søndag. Ein må heilt tilbake til 1987/88-sesongen for å finne sist gong Noreg gjekk ein heil verdscupssesong utan ein siger.
– Det er noko eg har tenkt mykje på. Eg følte litt ekstra press fordi eg har hatt dei beste resultata i slalåm på laget i år. Eg ville gje denne sigeren til laget.
– Han reddar Noreg si ære, og er historisk, både for laget og for seg sjølv, sa Discoverys alpintkommentator Håkon Bjercke.
Sigeren var også Haugan sin første i karrieren. Frå før har han tre 2. plassar, alle i slalåm.

Godt utgangspunkt

Haugan var raskast av alle i den første omgangen av slalåmrennet i Saalbach søndag.
27-åringen gjekk hardt ut frå start, men tapte nokre hundredelar i midten av løypa. Ei sterk avslutning gjorde at han kunne setje seg i leiarstolen før finaleomgangen.
Henrik Kristoffersen vart nummer 7.
Atle Lie McGrath køyrde ut i finaleomgangen.
Sett denne?
picture

Her klikkar nordmannen: – Forstår det

Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Relatert
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame