Mista nær støttespelar i OL-oppkøyringa: – Tenker alltid på han

Solveig Løvseth (24) er klar for sitt første OL. Det blir utan ein av hennar viktigaste støttespelar på sidelinja.

Mista viktig støttespelar: – Tenker mykje på det

Video credit: Eurosport

  • Følg Solveig Løvseth i OL onsdag klokka 08:00 på Max
I november 2022 fekk Solveig Løvseth marerittbeskjeden: Pappaen hadde gått bort. Han fekk påvist kreft, akutt leukemi, berre månadar før.
Triatlonutøvaren mista ikkje berre pappaen sin, men også ein veldig viktig støttespelar som følgde satsinga hennar tett.
– Eg tenker alltid på han, men særleg når eg har gode løp faktisk. Han var veldig støttande til satsinga mi og følgde tett med, seier Løvseth til Discovery.
Etter kvar konkurranse hadde han ei tilbakemelding å kome med. Anten var han til stades på konkurransen, eller så tikka det inn ei melding på telefonen.
– Det med triatlon er jo berre ein av mange ting som er vondt med at han er vekke, men det er absolutt ein ting eg tenker på etter løp: At det ikkje er nokre meldingar frå han.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Imot potensiell OL-endring: – Blir for dumt

Video credit: Eurosport

– Kjipt

Løvseth var 15 år då ho starta på triatlon. At ho til slutt skulle bli landslagsutøvar, stå med internasjonale sigrar og kvalifisere seg til OL var ikkje noko ho og faren snakka særleg mykje om.
– Han spurde meg sjeldan kva måla mine var. Han var ikkje så opptatt av kva eg skulle oppnå. Eg føler han hadde veldig trua, utan at han «pusha» noko veldig på, og at han var stolt uansett.
Men det var ikkje før etter faren sin bortgang at Løvseth verkeleg begynte å skine i triatlon, og at dei store merittane byrja å kome. Det er noko 24-åringen ergrar seg over.
– Eg føler at eg ikkje oppnådde så mange resultat medan han levde. Eg var i utvikling, og det var kanskje frå i fjor at eg først starta å oppnå større resultat med World Cup-podium, siger i European Games og at eg kvalifiserte meg til OL. Det er kjipt at han ikkje har fått vore med på nokre av dei oppturane, seier ho.

Første OL

No skal Løvseth delta i sitt første OL. Ho legg ikkje skjul på at det er spesielt å skulle oppleve eit så stort augeblikk som OL, utan han som stod ho så nær.
– Heile familien skal ned til Paris for å sjå på, og då ville han vore ein veldig naturleg del av det. Eg føler meg veldig heldig som har resten av familien rundt meg. Vi har støtte kvarandre i denne perioden som har vore tøff for alle i familien.
Løvseth skal delta i to OL-øvingar: individuelt og blanda stafett.
– Målet er å ta medalje i stafett. Vi er nok ikkje favorittar til å gjere det, men eg trur vi kan overraske. Når det kjem til individuelt har det mykje å seie korleis løpet utviklar seg. Blir eg topp ti blir eg veldig fornøgd.
Fått med deg denne?
picture

Gjenopplev Blummenfelts triatlonbragd: – Drar strikken ekstra langt

Video credit: Eurosport


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame