Har gjort grep – vil toppe pallen for første gong

Eurosport på Google

Fredag skal Kristian Blummenfelt konkurrere i PTO US Open. Der har han eit klart mål.

Kristian Blummenfelt under Ironman 70.3 i 2022.

Foto: Getty Images

Fredag skal Kristian Blummenfelt konkurrere i PTO US Open i Milwaukee.
I ein podkast-episode med The Triathlon Hour, opna utøvaren opp om målet for konkurransen, nemleg å stå på toppen av pallen, for første gong i ein PTO Open.

Set det høgare enn VM

Blummenfelt er regjerande verdsmeister i Ironman 70.3. Likevel set han ein siger i PTO Open høgare enn ein siger i verdsmeisterskapet, om han berre kunne velje ein av dei.
– Eg har aldri vunne ein PTO Open, så det er noko eg har veldig lyst til å gjere. Startlista i Milwaukee er veldig sterk i år. Men kvifor berre vinne ein av dei? Eg kan ta begge, seier Blummenfelt og ler.
Den regjerande olympiske meisteren starta sesongen med PTO-løpet på Ibiza i mai. Der blei han nummer to, 27 sekund bak vinnaren. Sidan då har han gjort grep.
– Eg har brukt meir tid på temposykkelen no, enn eg gjorde før Ibiza. Gjennom vinteren brukte eg eigentleg mest tid på landevegssykkelen, men etter Hamburg har eg trent meir på temposykkelen. Eg er også i betre løpeform no, då eg har på hatt nok baneøkter, fortel han i podkasten.
Sett denne? Saka held fram under videoen.
picture

Gjenopplev Blummenfelts triatlonbragd: – Drar strikken ekstra langt

Video credit: Eurosport

Behov for å vere best

I eit intervju med arrangøren, utdjupar han det ønsket han alltid har rundt å vinne, som så langt har ført til både OL- og VM-gull.
– Eg veit ikkje kor behovet for å vere best kjem frå. Det har alltid vore der: Kjensla av å vere ustoppeleg, og å gjere det umoglege mogleg. Eg berre elskar å vinne, og eg elsker den kjensla, seier 29-åringen, som er rangert nummer ein i verda på PTO (Professional Triathletes Organisation) si rangeringsliste.
Bergensaren har også uttalt i eit tidlegare intervju med Discovery at han har eit alltid har eit mål om å vinne:
– Det å kome på pallen er greitt, men eg stiller på startstreken for å vinne.
Løpet på fredag består av to kilometer svømming, 80 kilometer sykkel og 18 kilometer løping.
Dette er PTO Open:
Sett denne?
picture

Se Blummenfeldt komme «hem» til full jubel

Video credit: Eurosport

Gjør som 2 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame