Populære sporter
All sport
Vis alt

Fnyser av kjæraste-påstand: – Absolutt ingenting med det å gjere

Sofie Flølo Dyrstad

Oppdatert 19/10/2023 klokken 06:55 GMT+2

Kjærasten til Holger Rune har fått skulda for den bekmørke tapsrekka hans. Det er dansken svært ueinig i.

Rune: – Jeg er rasende

Holger Rune - Miomir Kecmanovic 0-2 (6-7(3), 2-6)
Utanfor tennisbana smilar det for Holger Rune, men på bana har han aldri vore i ei større krise.
På tre månadar står det danske stjerneskotet med berre éin siger. Den kom mot kanadiske Felix Auger-Aliassime i Beijing Open. Veka etter turneringa i Beijing vart det ein tidleg exit i Shanghai Masters mot Brandon Nakashima, rangert som nummer 122 i verda. Rune tapte i to strake sett med siffera 0-6, 2-6.
Dansken har no tapt ti av sine siste elleve kampar etter nok ein nedtur i vekas turneringa i Stockholm der han var tittelforsvarar.
Sett denne? Saka held fram etter videoen.
picture

Reddar settball etter enorm ballveksling

Kjærasten får skulda

Tennisekspert for Discovery Danmark, Michael Mortensen, skuldar den tunge tennisperioden på at Rune har funnet kjærleiken med italienske Caroline Donzella.
– Det har stor betydning. Det er hans første kjærleik, og det betyr veldig, veldig mykje. Då er det jo vanskeleg å kun konsentrere seg om å spele tennis. Det skjer nokre ting utanfor bana, som gjer at han ikkje er fokusert på oppgåva han skal gjere, seier dansken til Ekstra Bladet.
Mortensen meiner det same skjedde med greske Stafanos Tsitsipas, som blei i lag med tenniskollega Paula Badosa.
Rune er ikkje einig med kritikken retta mot kjærasten.
– Det har absolutt ingenting med ho å gjere. Ingen ber skulda for mine resultat. Det er opp til meg. Ein kan ikkje skulde på alle andre. Då kan eg like gjerne skulde på alle i heile verda, seier Rune til Expressen.
Rune og Donzella offentleggjorde forhaldet på Instagram i september, men den italienske modellen og eigedomsmeklaren har vore til stades på tribuna saman med Rune si mor og manager, Aneke Rune, blant anna under Wimbledon i juli.

Tapsrekka held fram

Onsdag vart den bekmørke tapsrekka forlengt. I Nordic Open, der Rune er tittelforsvarar, møtte han Kecmanovic i sin første kamp.
I opningssettet var serbaren nære å bryte Rune ved fleire anledningar, men dansken klarte å halde på servegama sine, og kom seg heilskinna gjennom alle. Rune makta heller ikkje å bryte Kecmanovic, og spelarane måtte ut i tiebreak. Der viste serbaren musklar og tok med seg det første settet.
I det andre settet var serbaren knusande overlegen og vann 6-2, og sende tittelforsvarar Rune rett ut av turneringa allereie i den første kampen hans.
Kecmanovic møter vinnaren av kampen mellom Elias Ymer og Dino Prizmic i kvartfinalen.
Asbjørn Myhre og Dorthea Faa-Hviding diskuterer forholdet mellom Holger Rune og den tyske tennislegenden Boris Becker i denne vekas episode av Indre Bane. Høyr episoden her:
.
Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame