Ruud med ny sein kamp

Casper Ruud møter Tomas Etcheverry i tredje runde av Roland Garros laurdag.

Ruud etter maratonkampen: – Jeg kommer til å sove godt i natt

Video credit: Eurosport

  • Følg Casper Ruud mot Tomas Etcheverry i Roland-Garros laurdag på Eurosport.no og Max!
Casper Ruud tok seg vidare til den tredje runda av Roland Garros etter at han slo ut Alejandro Davidovich Fokina. Han møter argentinske Tomas Etcheverry, som tok seg vidare etter at motstandaren, Arthur Rinderknech, pådrog seg sjølv ein skade som gjorde at han måtte trekke seg.
Ruud og Etcheverry speler den siste kampen på Court Suzanne-Lenglen laurdag. Det er tre kampar før deira kamp: to damekamar og ein herrekamp. Den første kampen startar 11:00.
Ruud og Etcheverry har møtt kvarandre på ATP-touren to gongar tidlegare, sist i Barcelona i april. Nordmannen har vunne begge gongane.
Vinnaren av oppgjeret i Roland-Garros møter vinnaren av kampen mellom Taylor Fritz og Thanasi Kokkinakis i neste runde.
Danske Holger Rune skal også i aksjon laurdag. Han møter Jozef Kovalik. Dei speler den tredje kampen på Court Simonne-Mathieu.
Sett denne?
picture

Absurde scenar: Her får han tennisballen rett i ansiktet

Video credit: Eurosport


Gjør som 3 millioner brukere på appen
Hold deg oppdatert på siste nytt, resultater og livesport
Last ned
Del denne artikkelen
Reklame
Reklame